USHT

Arbeidspakke 3 - Nettverk for responssenterløysingar Vestland

Arbeidspakke 3 Nettverk for responstenesteløysingar Vestland

I E-helse Vestland skal me utvikla eit nettverk for responstenesteløysingar der ein skal kunne dele kunnskap og kompetanse.

Alle kommunar som tek i bruk velferdsteknologi må velja løysing for mottak av signal/alarm.  Det finnest mange ulike modellar for korleis ein kan gjera dette, og kvar kommune står i utgangspunktet fritt til å velja løysing som passar best for den enkelte. I Vestland fylke er det i dag 5 ulike modellar i drift:

  1. Bergen kommune har eige responssenter som omfattar alt frå vurdering, installering, mottak av signal/alarm og respons/utrykking.
  2. Alver kommune har eige responssenter på dagtid, men kjøper elles av ekstern leverandør.
  3. Øygarden kommune nyttar mobilt vaktrom, der alle alarmar går direkte til personell ute i tenesta.
  4. Alarmsentralen IKS er eit felles responssenter for 17 kommunar i tidelgare Sogn og Fjordane.
  5. Fleire andre kommunar kjøper tenesta hjå eksterne leverandørar.

Alle ulike modellar har sine fordelar og ulemper. Kva som passar best for den enkelte kommune, vil vera avhengig av lokale forhold. E-helse Vestland ynskjer å etablera eit nettverk der ein skal kunne dra nytta av dei ulike modellane sine erfaringar og kunnskap, slik at det i neste omgang kan komme kommunane og brukarane til nytte. For å oppnå dette, vil og arbeid med kompetanse bli viktig.    Målet er å betra kvaliteten på responstenesta for brukarane i Vestland, uavhengig av kva modell/struktur den enkelte kommune har valt.

Arbeidsgruppa består av representantar frå dei ulike responstenestene, USHT Hordaland og Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestland og IKT Nordhordland.

Fant du det du lette etter?