USHT

Arbeidspakke 5 Velferdsteknologi til barn og unge med nedsett funksjonsevne

Arbeidspakke 5 Velferdsteknologi til barn og unge med nedsett funksjonsevne

E-helse Vestland har blitt tatt opp i Nasjonalt Velferdsteknologiprogram (NVP) "Velferdsteknologi til barn og unge med nedsett funksjonsevne". NVP arrangerer oppstartsamling 18. mars 2021.


Klikk for stort bilete  I 2015 starta Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP) ei utprøving av velferdsteknologi til barn og unge med nedsett funksjonsevne i 7 norske kommunar. I 2020 vart det laga ein rapport Velferdsteknologi til barn og unge med funksjonsnedsettelser - erfaringsrapport fra 4 års utprøving Og frå 2021 skal desse erfaringane og kunnskapen spreiast og implementerast, slik at velferdsteknologiske løysingar skal kunne bli ein del av tenestetilbodet til barn og unge.

Til saman 10 kommuneprosjekt vart tatt opp i NVP sitt "Barn- og ungeprosjekt". E-helse Vestland har p.t. 8 kommunar som er spydspisskommunar: Alver, BjørnafjordenFjaler, GulenLuster og Voss herad. Samt kommunar på veg inn.

Ei arbeidsgruppe er etablert. Her er representantar frå NFU Vestland, Ungdomsrådet Helse Bergen, NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Statped, dei 5 prosjektanansvarlege i spydspisskommunane, prosjektmedarbeidar og prosjektleiar i E-helse Vestland, samt arbeidspakkekoordinator frå E-helse Vestland

Det er laga møte- og aktivitetsplan og skrive oppsummeringsnotat frå møter og arrangement. 

Vestlandsprosjektet som er del av E-helse Vestland har sidan 2019 hatt ein "Tenketank" som har laga ein Sluttrapport Tenketanken skal jobbe vidare med å ta i bruk velferdsteknologi i tenester til personar med utviklingshemming og kome saman for å dele erfaringar. Tenketanken skal òg fungere som referansegruppe for arbeidsgruppa i arbeidspakken.

For meir informasjon, finn du her ein film:
Nasjonalt velferdsteknologiprogram prøver ut teknologi til barn og unge med nedsatt funksjonsevne.

Status pr. september 2021:

  • Arbeidsgruppa har hatt sitt tredje møte, 31.08 
  • Det er oppretta eit Arbeidsgruppeoppdrag
  • Det vart gjennomførast workshop knytt til milepæl 1 gevinstar og mål i regi av Nasjonalt velferdsteknologiprogram 06.05.21
  • Det er innvilga kompetansetilskot i tenester til personar med utviklingshemming. Meir informasjon om tiltak kjem
  • Det vart gjennomført digital workshop med tema "Fokus brukarbehov" 14.06
  • Kommunane har sendt inn leveranse til NVP barn- og unge-prosjektet på Milepæl 1: Mål og gevinstar 18.06.21
  • Det er planlagt prosessveiledning (webinar) knytt til Milepæl 2: Tverrfagleg tenesteforløp med NVP barn- og ungeprosjektet 07.09.21. Denne milepælen har leveranse 10.10.21
  • Det er workshop med tema "Samarbeid lokalt" under planlegging i oktober månad.
  • Nye kommunar har kome med eller er på veg inn i prosjektet
  • Det er sendt søknad om tilskot via nye midlar i Nasjonalt velferdsteknologiprogram: Velferdsteknologi til barn, unge og voksne med medfødte eller tidlig ervervede funksjonsnedsettelser

Arbeidspakke 5 Velferdsteknologi til barn og unge med nedsett funksjonsevne_handlingsplan 2021 (PDF, 228 kB)

Kvikkguide Velferdsteknologi

Velferdsteknologi til barn og unge med nedsatt funksjonsevne.

 

 

 

Kontakt

Gro Helen Dyrdal Løvik
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 408 01 646

Fant du det du lette etter?