21.2.22: Fysisk møte med brukarorganisasjonane i E-helse Vestland.

Som med mykje anna har ting endra seg på grunn av pandemien. Då var det veldig godt å få møta representantane frå brukarorganisasjonane igjen. Det var nokre fråfall, fordi fleire fekk påvist smitte personleg eller i nære relasjonar i kort tid før møtet. Det gjaldt både frå prosjektet men og frå brukarrepresentantane.

Dagen starta ved at prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim gav ein statusrapport for prosjektet og dei ulike arbeidspakkane, for å gi litt innsikt i kva som har skjedd og ikkje minst, kva spennande ting som skal skje framover. Det rører seg masse på e-helse området, spesielt innanfor digital heimeoppfølging.

 Vidare hadde vi eit felles gruppearbeid for brukarrepresentantane, der tema var knytte til korleis E-helse Vestland på best mogleg måte kan få til god brukarmedverknad. Vi hadde ein felles oppsummering der brukarrepresentantane delte perspektiv, men og erfaringar frå korleis andre organisasjonar jobbar på dette området. Overordna er tilbakemeldinga frå brukarorganisasjonane at E-helse Vestland jobbar godt her, men at det finst nokre betringsmoglegheiter. Gode tilbakemeldingar som vi tar med oss i det vidare arbeidet. 

På slutten av dagen fekk vi besøk av Tone Skår frå Norwegian Smart Care Cluster, som har god sikt over spennande prosjekt og moglegheiter for brukarorganisasjonar. Vidare heldt ho eit fagleg innlegg om viktigheita av brukarmedverknad, spesielt for innovasjons og forskingsmiljø. Ho delte òg kva erfaringar andre prosjekt har med slikt arbeid, og kva ein vektlegg for å få dette til å fungera best mogleg.

Sjå fleire bilete frå dagen her: