Korleis blir 2022?

  

2022 blir eit utruleg spennande utviklingsår for helse- og omsorgssektoren. Behovet for endring og nyskaping har aldri vore meir tydeleg enn no når pandemien herjar som verst. Dei tilsette treng hjelp slik at dei får meir tid til å gjere det dei er best på, å gje omsorg til dei som treng det. Det er målet for E-helse Vestland å gjere arbeidskvardagen betre for dei tilsette og samtidig heva kvaliteten i tenestene for pasientane. 

Godt nyttår til alle! 

No jobbar vi i prosjektet med å oppdatera framdriftsplanar, planlegge møte og aktivitetar for det nye året. Nokon ting har allereie blitt endra. No i januar skulle vi hatt ein workshop for Barn- og ungeprosjektet og ei samling med forankringsgruppa. Dei har blitt utsett med omsyn til smittesituasjonen. Her jobbar vi på spreng med å finne nye datoar. I år er òg E-helse Vestland hovudarrangør saman med Helse Førde for Helseinnovasjonskonferansen (2-3. februar) som no blir digital.

Sjølv om pandemien skapar nokre utfordringar, så har vi framleis stor tru på at dette året kan gje mykje godt, det blir spesielt eit år der vi satsar på store framsteg knytt til digital heimeoppfølging. Eit utruleg viktig område der vi er avhengig av eit godt samarbeid mellom mange ulike aktørar i helse- og omsorgssektoren. I år blir det utprøving og testing av løysingar i spydspisskommunar, som til dømes i Stad kommune, for å ta satsinga vidare. Sjølvsagt blir det mykje aktivitet også i dei andre arbeidspakkane til prosjektet.

Ei artig gladsak frå Sverige blei publisert i Teknisk ukeblad, der ein hjertestartar blei sendt med drone rett til ein pasient som hadde falt om når han stod og måkte snø. Saka får frem eit sentralt poeng for E-helse Vestland, teknologien er her, men vi må nyttigjere den. Slike satsingar har vi og lokalt i Vestland, og vi har eit samarbeid med Helse Førde som driv liknande droneprosjekt.

Framtida den er no!