Prosjektleiarsamling - Nasjonalt Velferdsteknologiprogram

Måndag og tysdag (22-23.11) deltok E-helse Vestland på prosjektleiarsamling i Oslo. Der inviterte Nasjonalt velferdsteknologiprogram inn nettverk frå heile landet for å dela erfaringar etter mange år med utvikling av tenester og endringsprosessar.

 

Målet for samlinga var å dela læring som er skapt i kommunane sidan oppstart i 2012. Prosjektet velferdsteknologi for tryggheit og meistring blir avslutta i noverande form i år, men arbeidet blir vidareført på andre område fram til 2024.

Anette Skogstad - Bodø kommune  

Måndag var det erfaringsdeling gjennom posterpresentasjonar frå alle nettverka, frå lengst i nord til heilt sør i landet. Det var utruleg spennande å høyra korleis andre jobbar for å driva framgang i endringane for å møta utfordringane i helsesektoren.

Til venstre er Anette Skogstad - som fortel om korleis dei har klart å løyse utfordringar med implementering i heimkommuna Bodø.

Det var mange like problemstillingar med nyttiggjering av helse og omsorgsteknologi frå ulike delar av landet, men samtidig nokre tydelege forskjellar. Behova kan vere ulike frå kommune til kommune, dei blir påverka av både avstandar og demografi.

Tysdag var det fleire innlegg, mellom anna frå Kristin Standal (KS) og Bjørnar Alexander Andreassen (Helsedirektoratet) - dei prata om status og vegen vidare for det nasjonale velferdsteknologiprogrammet fram til 2024.

Tor Sætrang er teknolog frå HelseInn, han kom med mange gode perspektiv, spesielt omgrepet avreifisere: sjølv om noko har verka bra lenge, så må vi tenka nytt når det ikkje gjer det lenger.

Kristin Standal og Tor Sætrang 

Åshild ØvrebottenÅshild Øvrebotten (Bjørnafjorden kommune) fortalde om arbeidet med nyttiggjering av helseteknologi i kommunen, og korleis spreidd busetnad gjer at ulike typar teknologi har ekstra verdi om dei blir tatt i bruk i tenestene.

Iselin Vistekleiven, Kari Eidnes Bjørkheim og Kristin StandalProsjektleiaren vår Kari Eidnes Bjørkheim var òg med, saman med Iselin Vistekleiven frå Nord-gudbrandsdal delte ho erfaringar og ikkje minst kva som er viktig for å lykkast framover.

Under kan du sjå fleire bilete frå prosjektleiarsamlinga: