E-helse Vestland er bygd på følgjande prinsipp:
• Brukar i sentrum og like tilbod om tenester innan e - helse uansett kor du bur i fylket
• Effektivisere gjennom samarbeid med andre
• Kommunane i førarsetet, med særleg blikk for småkommunane
• Erfaringsdeling på tvers av kommunar og organisasjonar felles kompetanseutvikling
E-helse Vestland si satsing handlar ikkje om sjølve teknologien, men mest om organiseringa og kompetansehevinga som må vere på plass for å ta i bruk dei teknologiske løysingane.
E-helse Vestland skal bidra til å vere ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenestene i Vestland fylke. Krafta ligg i at akademia, spesialisthelsetenesta, utdanningsinstitusjonar og kommunane har gått saman i eit felles utviklingsprosjekt. E- helse Vestland ynskjer også å ha eit nært samarbeid med næringslivet for å kunne løysa utfordringar.
Dei ulike arbeidspakkane viser til dei utvalde satsingane E-helse Vestland til ei kvar tid har. Arbeidspakkane er knytt til behova i kommunane, spesialisthelsetenesta og nasjonale føringar på e-helseområdet.