Involverte i arbeidsgruppen:
Representantar frå kommunar
Representantar frå sjukehus
Representantar frå fastlegane
Representantar frå brukarorganisasjonar
Representantar frå fagorganisasjonar
Helseforetak: Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde
IKT miljø: Helse Vest IKT, SYS IKT
InnoMed
Tema: Helsetenester med digital heimeoppfølging
Prosjektleiar E-helse Vestland: Kari E. Bjørkheim
Prosjektkoordinator: Per Waardal
Periode: 2021- 2025
Bakgrunn
E- helse Vestland har lagt til grunn ein eiga arbeidspakke og arbeidsgruppe for digital heimeoppfølging. Arbeidet skal gje grunnlag for korleis ein kan tilrettelegge og gjennomføre digital heimeoppfølging som er tenleg for brukar og pårørande. I dette arbeidet skal ein utvikle og leggje til rette for tenester som femner om både primærhelsetenesta og spesialisttenestene.
Arbeidspakken har fått tildelt ressursar frå Innomed for prosessveiledning, og aktiviteter og framdrift blir difor utvikla i samarbeid med InnoMed.
Mål
Målet for ordninga er betre fysisk og psykisk helse, betre pasientopplevelse for personer som nyttar digital heimeoppfølging, samt auka bærekraft for helse- og omsorgstjenesten. Pasientene skal få heilhetlige og sameahengende tenester som bidreg til auka meistring og sjølvstendigheit for brukar, tidleg oppdagelse av tegn til forverring, betre helse, lågare ressursbruk for tenestene og gjer helse- og omsorgstjenestene betre rusta til å møte bærekraftutfordringer dei står foran.
Målgruppe
Målgruppa er pasientar med kroniske sjukdommar, med medium til høg risiko for forverring av tilstand, reinnleggelse på sjukehus, auka behov for helse- og omsorgstenester, betydeleg behov for koordinering på tvers av sektor eller der ein forventer ynskja nytte knytt til meistring, pasientopplevelse og ressursbruk.
Metode
Arbeidet følgjer, og er ein del av det nasjonale programmet for velferdsteknologi og e-helse tenester. Innomed gir prosessveiledning og bistår med kompetanse, metodikk og verktøy inn i prosjektet.
Erfaringer
Etter fleire aktiviteter og prosessar, og med særleg vekt på brukarsynspunkt, har ein fått slike råd for det vidare arbeid;
- Utvikle tenester som har nyttverdi for brukar
- Utgangspunkt i brukar synspunkt
- Spart reise og transport tid for brukar
- Sparte ressursar for følgetenester/pårørande/tenestene
- Gjere brukar/pårørande betre i stand til å følge opp eiga helse
- Rettar seg mot kroniske tilstandar
- Tenester som ikke er bunde til særskilte diagnoser
- Video/samkonsultasjonar peikar seg ut
- Tenester som er nyttige for kommunar og sjukehus
- Tenester som er universelle og berekraftige
- Det må bli realisert resultat/ starte opp konkrete tenester/aktivitet i 2022
- Utvikling av digital heimeoppfølging skal ta omsyn til personar som ikke kan håndtere digitale verktøy
- Gjere bruk av eksisterande verktøy og system i sjukehus og kommunar
Resultater
E-helse Vestland set no i gang eit arbeid for å realisere og utvikle 3- parts video konferanser/ samkonsultasjonar. Dette inneber konsultasjonar mellom sjukehus/ spesialistar - kommunar og brukar/pasient/pårørande. Samkonsultasjonar er eit ledd i satsinga på digital heimeoppfølging, og vil i neste steg innebere målingar/ helseoppfølging/monitorering.
Samkonsultasjonane vil bli prøvd ut i tre ulike område;
- Helse Fonna - Ullensvang kommune, ev fleire kommunar i området
- Helse Bergen - 8 kommunar i Nordhordland (prosjekt med tilskot frå Statsforvalteren)
- Helse Førde - Sogndal kommune, evt fleire kommunar i området
Samkonsultasjonene er ikkje knytt opp til spesifikke diagnoser eller fagområde, med vil bli utprøvd innan fleire område. I Førde vil det vere vaksne med psykiske lidingar, mens det i Helse Fonna vil det vere pasientar som får sårbehandling.
Ressurssamling