USHT

Workshop barn og ungeprosjektet

Workshop barn og ungeprosjektet

E-helse Vestland arrangerte ein workshop 19.10 knytt til arbeidspakke 5: barn og unge med nedset funksjonsevne. Temaet for dagen var lokalt sammarbeid.

 

Evy Utne Knutsen - NFU 

Målet for dagen var å få til erfaringsdeling på tvers av kommunegrenser - men det var og viktig at vi tok med fleire perspektiv, det sentrale er, barnet i sentrum. Uavhengig av kva som er enklast for dei som jobbar rundt barnet. Derfor starta vi dagen med eit flott innlegg frå Evy Utne Knutsen frå Norsk Forbund for Utviklingshemmede. Ho fortalde om erfaringar og då spesielt sett frå perspektivet til pårørande.

Vidare fortalde Else K. Tobiassen om erfaringane og opplevingane sine, ho jobbar i dag som digital agent i Drammen Kommune og har brei erfaring med implementering av aktuelle teknologiar. Spesielt om korleis ein kan involvera fleire partar i arbeidet, som skulen,  ein utruleg viktig arena for barn.

Tobiassen trekte fram eit perspektiv som fangar engasjementet vårt for velferdsteknologi: Teknologi gjer livet lettare, men for personar med funksjonshemninger, blir det mogleg.

Else K. Tobiassen 

Vi fekk og høyra eit spennande innlegg frå Ingunn Dalhaug frå Bodø Kommune, ho delte mange gode erfaringar, og trekte spesielt fram korleis ein kan bruka teknologi for å nå fram til dei barna som er vanskelegast å nå. Ingunn hadde og med eit sett VR-briller, dette verktøyet blir brukt som hjelpemiddel for opplæring i finmotorikk.

Ingunn Dalhaugen 

Her er det ei veldig spennande utvikling. Vi håper å finna endå fleire døme på slik innovasjon, der ein bruker eksisterande teknologi på nye måtar, ikkje for teknologien si skuld, men for å skapa eit nyttig verktøy som kan hjelpa nokon. 

Det vart og ein arbeidsøkt der deltakarar på tvers av kommunar frå heile Vestland delte erfaringar og perspektiv på aktuelle tema knytt til det lokale sammarbeidet.

Ein stor takk til dei som kom på besøk og delte sine erfaringar frå fleire ulike perspektiv og ikkje minst kunnskap frå andre delar av landet. Takk for flotte innlegg frå Norsk Forbund for Utviklingshemmede (m/ Evy Utne Knutsen), Drammen Kommune (m/ Else K. Tobiassen) og Bodø Kommune (m/ Inngunn Dalhaug).

 

Takk òg til NAV hjelpemiddelsentral som stilte med stand der dei viste fram aktuell teknologi.

Fant du det du lette etter?