USHT

AP6: Digital kompetanseheving hjå eldre i Vestland

AP6: Digital kompetanseheving hjå eldre i Vestland

E- helse Vestland har gjennomført eit prosjekt om digital opplæring til eldre, jfr tilskot frå Helsedirektoratet.  Prosjektet var realisert på bakgrunn av eit samarbeid mellom alle deltakande kommunar i prosjekt E-helse Vestland. Av dei 33 kommunane som er deltakarar i E-helse Vestland, søkta 18 kommunar på tilskotet

Klikk for stort bilete Sabine Van Erp   

Opplæringsaktivitet: 

Fleire av kommunane har valt ein opplæringsaktivitet der dei nyttar elevar i opplæringa. Ungdomsskuleelevar som tar valfaget “innsats for andre” har vore nytta nokre stader, medan andre kommunar har brukt elevar frå dei vidaregåande skulane i opplæringa.  
Andre har valt modeller der helsepersonell har hatt ei nøkkelrolle i opplæring av eldre, til dømes bruk av ressursperson på legekontor for å rettleie eldre i bruk av videokonsultasjon. Andre har valt å satse på å gi dei tilsette kompetanseheving slik at dei igjen kan lære opp dei eldre i bruk av digitale verktøy. Fleire kommunar har også knytt til seg frivillige t.d. via Raude kross si besøksteneste eller andre frivillige. Pårørande har og fått tilbod om opplæring.

 

Opplæringsarena: 
Arena for opplæring vert ofte lagt til bibliotek eller anna eigna forsamlingslokale. Typisk vert også dagsentera i kommunen nytta til opplæring av brukarar som har teneste der. Nokon har satsa på 1:1 opplæring medan andre gir opplæring heime hos den enkelte i eigen heim.  
 
Opplæringstema: 
Grunnleggande IKT-opplæring som bruk av internett, lære å bruke sosiale media, sende og motta e-post, lese aviser på nett, dele bileter, og å sende meldingar via Messenger, helsenorge.no og videokonsultasjon med tenestene.  
 
Utstyr:  
Val av utstyr har primært vore nettbrett, smarttelefonar, PC og Komp.  
 

Fant du det du lette etter?