Workshop i Digital kompetanse til eldre - AP 6 - 7.juni 2021

Den 7. juni arrangerte  E-helse Vestland til digital workshop for dei 18 kommunane som er med i arbeidspakke 6 - auka digital kompetanse til eldre. 

Auka digital  kompetanse til eldre har fått eit større fokus under pandemien.18 kommunar knytt til E-helse Vestland  har sidan november 2020 jobba med å få på plass eit tilbod om opplæring til eldre i deira kommune. I høve arbeidet som er gjort, inviterte  E-helse Vestland til workshop for å få erfaringsutveksling mellom kommunane. Målet var å hjelpe kvarandre til å sjå moglegheite i prosjekta og for å setje lys på kva som har vore utfordrande.  

Vi var så heldige å få med oss Grete Byrkjeland og Mona Mekki til å halde innlegg for oss.   
Grete Byrkjeland kjem frå Bjørnafjorden kommune der dei jobbar med prosjektet "Framsynt", som er eit samarbeid med eldreråd, tryggleiksjukepleiar, spesialkonsulentar velferdsteknologi, kultureininga og Os Vidaregåande skule, helsefag. Undervisninga har føregått på tvers av generasjonar, der elevar ved helsefagarbeidarlinja ved Os vidaregåande skule har stått for opplæringa. Tilbodet har gått ut til dei over 70 år. Våren 2021 har det vore gitt tilbod om tre kurs og til hausten vert ytterlegare tre nye kurs satt opp. Grete Byrkjeland fortel at deira suksess har vore  møtet mellom generasjonane, samarbeidet mellom kommune og skule, samt engasjerte og dyktige formidlarar. Det å bruke god tid, ein-til-ein-opplæring, by på god mat og trygg transport har og vore viktige faktorar for eit suksessfullt kurs. I tillegg trekk Grete fram at dei unge vert kjend med å jobbe som frivillige, noko som er veldig positivt. 

I Vaksdal kommune har ein hatt fokus på å motvirke digital utanforskap ved hjelp av kompetansehevande tiltak. Målgruppa deira er innbyggjarar som er utanfor arbeidslivet, og då primært eldre. Vaksdal kommune har som mål å tilby opplæring som eit permanent tilbod til sine innbyggjarar. Til no har Vaksdal gjort ei grundig kartlegging for å finne ut kva behov innbyggjarane har og utifrå dette laga eit tilbod som skal være tilpassa innbygjararane. Tilbodet vert eit tverrfagleg samarbeid mellom bibliotek, skule, helse, innbygjarservice og frivilligsentralen. 

De finn presentasjonane til Grete Byrkjeland og Mona Mekki i lenkene under. Der finn de og pdf-filer av gruppearbeida, program, samt opptak av innlegg frå Helseinnovasjonskonferansen om implementering av nettbrett/Komp til omsorgsentera i Sogn og Fjordane i 2020. 

 

Bjørnafjorden kommune_ webinar 7. juni (PDF, 724 kB)

Digital innbyggjarrettleiing i Vaksdal kommune 7.juni 2021 (PDF, 674 kB)

(Annette) Workshop 7.juni E-helse Vestland - Digital komp. - Copy of Gr. 3 - Sailboat Retrospective (PDF, 686 kB)

(Annette) Workshop 7.juni E-helse Vestland - Digital komp. - Gr. 2 - Sailboat Retrospective (PDF, 693 kB)

(Annette) Workshop 7.juni E-helse Vestland - Digital komp. - Gr. 1 - Sailboat Retrospective (PDF, 690 kB)

Program webinar workshop 7.juni 2021 - AP6 kompetanseheving eldre (PDF, 419 kB)

 

Vi takkar for gode innlegg, god deltaking og gode diskusjonar.