USHT

E-helse Vestland og Helseinnovasjonskonferansen 2022

E-helse Vestland og Helseinnovasjonskonferansen 2022

E-helse Vestland er med Helse Førde å arrangere Helseinnovasjonskonferansen 2022. Sjå video frå Prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim

 

Helseinnovasjonskonferansen er ein tverrfagleg møteplass for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren. Med oss på laget er òg Innovasjon Norge - Vestland, NHO Vestlandet, Kunnskapsparken Vestland, Sunnfjord Utvikling AS, Høgskulen på Vestlandet, KS Vest, Norwegian Smart Care Cluster. Vi gler oss!

Sprei ordet og hald av datoen 2.-3. februar 2022.  Arrangementet finn du her: https://fb.me/e/Te143Hew.

Syner til felles søknad frå E-helse Vestland om tilskot til å motverke einsemd hjå eldre. Søknaden er innvilga frå Helsedirektoratet med 1 500 000 kr.  Søknaden gjeld for 34 kommunar knytt til E-helse Vestland. Derav har tre av kommunane som er knytt til E-helse Vestland søkt eige tilskot til lokale prosjekt.

Prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim og prosjektkoordinator Kjell Olav Bondevik deltok 30.9 på workshop arrangert av KS.

 

 

E-helse Vestland arrangerer Kick-off 30. september i Bergen. Digitalt utenforskap er eit viktig satsningsområde for prosjektet og ei sentral utfordring for samfunnet. Samuel Massi og Bestefar (Arne Ulvolden) vil vere blant dei som skal halde innlegg.    

E-helse Vestland har allereie heldt på i eit år, det vart ei lita feiring under møte med forankringsgruppa.

 

I 2020 vart E-helse Vestland tildelt 845 000 kr i den same tilskotsordninga frå Helsedirektoratet. Dei 18 kommunane som til no har vore med i satsinga, har gjort eit godt stykke arbeid for å styrke den digitale kompetansen hjå eldre i deira kommune. Det at vi i 2021 er tildelt 1 500 000 kr er særs gledeleg, då det betyr at vi også framover kan støtte, styrke og utvide arbeidet for å motverke digitalt utanforskap i våre kommunar.

Ny versjon av Velferdsteknologiens ABC er klar, med fem emnehefter og arbeidshefte. 

Det ligg ute høyring på Forslag til endringar i pasientjournallova og IKT-standardforskrifta med høyringsfrist 18. august 2021.  

 

 

    

 

Den 7. juni arrangerte  E-helse Vestland til digital workshop for dei 18 kommunane som er med i arbeidspakke 6 - auka digital kompetanse til eldre. 

9. april fekk vi mulighet for å presentere prosjektet E-helse Vestland til Kommunal- og forvaltningskommitèen.

Fant du det du lette etter?