E-helse Vestland
vart etablert under møte i Florø 29.-30. januar 2020. Dette på bakgrunn av behov for ei samla satsing på området i det nye fylket vårt.
Prosjekttittel
Etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenesta
Samarbeidspartar
- Velferdsteknologi- prosjektet i Sogn og Fjordane
- Vestlandsprosjektet
- Høgskulen på Vestlandet
- Vestlandsforsking
- Helse Vest IKT
- Helse Bergen
- Helse Førde
- USHT Vestland Hordaland og
Sogn og Fjordane
E-helse Vestland er planlagt for perioden 2020-25, og fekk tildelt kr 3 250 000 i fornyings- midlar frå Fylkesmannen i 2020.
Prosjektansvarleg
Sunnfjord kommune
Prosjektleiar
Kari Eidnes Bjørkheim
Hovedmålet skal realiserast gjennom følgjande sett av konkrete og målbare delmål:
Forsterke effektar og dyrke fram eit Vestlandsnettverk for velferdsteknologi
Vidareutvikle digital heimeoppfølging i samarbeid sjukehus og kommune
Vidareutvikle fagleg samarbeid mellom responssentra.
Sikre kompetanseutvikling mellom alle kommunar og utdanningane
Vidareutvikle tenester til barn og unge med nedsett funksjonsevne
Motverke einsemd blant eldre
«Saman om ei god teneste i endring»