Arbeidspakke 4 Kompetanseutvikling

I E- helse Vestland skal ein utvikle eit sterkt fagleg samarbeid der ein skal samle, bygge og dele kunnskap og erfaringar knytt til innføring av velferdsteknologi og e- helse løysingar i kommunane.

Mange mennesker som sitter rundt flere konferansebord og prater med hverandre - Klikk for stort bilete  Kompetanseutvikling er eit viktig område i E- helse Vestland da det er grunnlaget for mykje av arbeidet me held på med i prosjektet, og er eit av områda kommunane har meldt behov for å ha fokus på. Derfor er det ei eiga arbeidspakke der ein skal ha fokus på behovet for kompetanse og på kva område ein skal setja inn felles tiltak på i kommunane. Ved å gå saman om kompetansehevande tiltak blir det enklare og meir effektiv for kommunane. Samarbeid fører også til meir deling på tvers av kommunane som kan gje meir læring for alle. Samstundes ynskjer ein å styrka samarbeidet med  utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø slik at ein kan vidareutvikle  opplærings – og utdanningstilboda slik at det dekke behovet som er i praksis.

Arbeidsgruppe er under etablering. Følgjene er representert:

USHT Hordaland, USHT Sogn og Fjordane, Fagforbundet, NSF, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, kommunal leiar frå Sunnfjord kommune, kommunal leiar frå Kvam Herad, medlem frå arbeidsgruppe 3 Nettverk og responsløysing Vestland og prosjektleiar for E- helse Vestland. Koordinator for gruppa er prosjektmedarbeidar i E- helse Vestland. Sjå kontaktinformasjon.

I 2021 skal arbeidsgruppa:

  • Kartlegge behov
  • Utarbeide kompetanseplan og bidra til  å gjennomføra tiltak i planen

 

Velferdsteknologiens ABC: Kursets forside (kslaring.no)

 

 

  

Artikkelliste

Kontakt

Anita Lønnebakken Sævild
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 95 98 76 40