Samarbeid skapar superheltar

Vi veit at det er krevjande å innføre velferdsteknologi i kommunane og at mange er involverte. I gamle Sogn og Fjordane var "Fylkesprosjektet" frå 2014 til 2020 ein viktig samarbeidsarena som samla eit breitt sett av aktørar.

Av Hilde G. Corneliussen, forskar, Vestlandsforsking

 

"FylkesTre sjukepleiarar med englevinger går nedover ein sjukehuskooridor - Klikk for stort bilete Scottish Guy, Pixabay  prosjektet" voks fram via ei arbeidsgruppe under IT-forum Vest. Før Vestland vart eit fylke var IT-forum Sogn og Fjordane kjent for å fremje samarbeid etter «Sogn og Fjordane-modellen». Modellen var kjenneteikna av samarbeid på tvers av grenser for organisasjonar, sektorar og regionar, og basert på å involvere "dei som vil noko". "Fylkesprosjektet for velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane" samla    ei brei gruppe aktørar som bidrog med kunnskap om velferdsteknologi frå sine ulike perspektiv. Det gjensidige solidariske samarbeidet kviler på vissheita om at ein aktør åleine ikkje kunne løyse alle utfordringar knytt til e-helse og at dette ofte er endå meir utfordrande i ein region prega av mange små einingar. Saman derimot, vert ein sterkare.

 

"Iblant går eg rundt i gatene som ein heilt vanleg borgar. Men så tek eg på meg IT-forum-hatten, og då føler eg meg som ein superhelt, for då får vi til så utruleg mykje", sa ein representant for IT-forum.

 

Tanken om at eit breitt fellesskap og det å "løfte i lag" har ein særleg verdi er vidareført i prosjektet e-helse Vestland, som no samlar ei endå breiare gruppe med bakgrunn i omsorgsteneste, kommunal og regional administrasjon, brukarar, høgare utdanning og forskingsmiljø. Og IT-forum Vest er framleis med og gjev høg prioritet til velferdsteknologi.

Fylkesprosjektet i Sogn og Fjordane var finansiert hjå Fylkesmannen frå 2014 til starten av 2020, og med like store bidrag frå kommunane.

 

Les meir om: