Kick-off om digital utenforskap 30.9.21

E-helse Vestland arrangerer Kick-off 30. september i Bergen. Digitalt utenforskap er eit viktig satsningsområde for prosjektet og ei sentral utfordring for samfunnet. Samuel Massi og Bestefar (Arne Ulvolden) vil vere blant dei som skal halde innlegg.    

Noreg blir berre meir digitalisert. Dette skaper sjølvsagt nye spennande moglegheiter. Samtidig forandrar forventningane til kva befolkninga treng å kunna for å delta aktivt i samfunnet og det som trengs for å få tilgang på tenester og ytingar dei har rett på.

Dette er ei sentral utfordring for oss i E-helse Vestland og vi har derfor digitalt utenforskap som eige satsingsområde. Problemet går på tvers av både alder og kjønn, men er særleg utfordrande for dei aller eldste. Gjennom tiltak som opplæringsarenaer arbeid vi for å motverka einsemd og forbetre digital helsekompetanse. Å kunne delta i samfunnet er eit grunnleggande behov men, studiar gjennomførd av Kompetanse Noreg viser at omkring 14% av Noregs befolkning har begrensande digitale evner, så her må vi gjere ein innsats.

Derfor lanserer vi i samanheng med satsningen vår eit spennande kick-off no 30. september på hotell Edvarg Grieg i Bergen. Der vil både brukarorganisasjoner og tilsetja i kommunane vere invitert til å komma og det blir både fagleg og sosial påfyll. Invitasjonen til aktuelle deltakarar vert sendt ut i næraste framtid. 

Program
09:00 – 10:00 Registrering

10:00 – 10:10  Velkommen v/Kari E. Bjørkheim, Prosjektleiar for E-helse Vestland

10:10 – 10:30  Eldreombudet – pådrivar og vaktbikkje for å hindre det digitale utanforskapet
                        v/eldreombud Bente Lund Jacobsen

10:30 – 10:50 Klarer vi å demme opp for det digitale utenforskapet? Og hvorfor skjer det egentlig? v/ Arne Halaas, Pensjonistforbundet

10:50 – 11:00  Pause

11:00 – 12:00  Erfaringar frå kommunane Vaksdal og Bjørnafjorden i deira arbeid for å førebygge digitalt utanforskap.

12:00 – 13:00  LUNSJ

13:00 – 14:00  Digital revolusjon v/ Samuel Massie og bestefar Arne Ulvolden

14:00 – 14:15  Pause

14:15 – 14:45  Kva gjer næringslivet for å motverke digitalt utanforskap?
Norwegian Smart Care Cluster med medlemsbedrifter

14:45 – 15:25  Paneldebatt v/Nard Schreurs, leiar for EHiN – Vi samlar eit spennande panel for å løfte problematikken og utfordringane kring digitalt utanforskap og på kvifor det er så viktig å motverke dette. I panelet møter vi Tone Skår frå Norwegian Smart Care Cluster, Bjørn Sivertsen frå Fylkeseldrerådet i Vestland, Silje Edvardsdal Thon frå Norges Blindeforbund, Stian Lavik som er politikar for Alver KRF og Annette Eri Norevik som er prosjektkoordinator i E-helse Vestland.

15:25 – 15:30  Avslutning

Vi gler oss til å sjå dykk!