USHT

Kompetansekartlegging - data viser vegen framover

Kompetansekartlegging - data viser vegen framover

E-helse Vestland har i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet utvikla ei spørjeundersøking får å kartlegge kunnskap om velferdsteknologi.

 

Det hastar å nyttigjere velferdsteknologi i helse og omsorgssektoren

For å kunna ta i bruk løsningar på ein effektiv og trygg måte har E-helse Vestland i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet utvikla ei spørjeundersøking for å kartlegga kunnskap hos tilsette om velferdsteknologi i vår region.

Gjennom ei kompetansekartlegging får vi ei betre forståing av kva for målrette tiltak som vil fungera best framover. Samtidig er bruk av velferdsteknologi ikkje berre avhengig av dei som jobbar i tenestene. Vi er òg avhengige av dei som jobbar med drift og IKT. Derfor har vi òg inkludert spørsmål til ei breiare gruppe fagbakgrunner og yrke.

Spørjeundersøkingar er allereie sendt ut til alle postmottak i heile Vestland og vi har fått god respons, men ynskjer endå meir, ta kontakt med leiarar i kommunen din om du ønsker å bidra. Spørjeundersøkinga tar fem til ti minutt. Frist for å svare undersøkinga er 20.12 for E- helse Vestland sine kommunar og 03.01.22 for dei andre kommunane i Vestland fylke.

Resultater frå spørjeundersøkinga vil E-helse Vestland bruka til å skreddersy korleis vi jobbar opp mot medlemskommunane våre. Målet heile vegen er å gjera Vestland til ein kraftregion for bruk av velferdsteknologi. Det trur vi at vi når fortare og tryggare med riktig kunnskap.

Fant du det du lette etter?