USHT

Møte i forankringsgruppa 14.12.2021

Møte i forankringsgruppa 14.12.2021

 

I går møttest forankringsgruppa til E-helse Vestland. Eigentleg var det planlagt at vi skulle ta eit fysisk møte i Bergen denne veka, men med smittesituasjonen slik han er no vart ikkje det forsvarleg. Derfor vart det eit kortare digitalt møte.

Det var ein gjennomgang  av referat frå førre møte, så presenterte prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim Informasjon om vidare framdrift for Nasjonalt velferdsteknologiprogram 2022. Det vart og ein gjennomgang på status og framdrift i arbeidspakkane frå dei ulike prosjektkoordinatorane og korleis ein vil jobba for å nå mål det neste året. Vidare vert det informert om at FHI ynskjer eit samarbeid knytt til eit oppdrag dei har frå Helse og omsorgsdepartementet. Det vert og tatt opp eit behov om å utvikla ein ny samarbeidsavtale for å samkøyra kommunane som er med frå tidlegare Vestlandsprosjektet og Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane.

Til slutt vart det tatt opp og diskutert møteplan for 2022 - følgeleg er det vanskeleg no grunna mykje uvisse med smittsituasjon, men datoar for digitale møte vart fastsett. Vi satsar på moglegheit for eit lengre møte med forankringsgruppa igjen ein gong på nyåret.

Fant du det du lette etter?