Overgangsseminar for Velferdsteknologi Sogn og Fjordane

I Loen 7.-8. Juni var det ei siste samling for prosjektet Velferdsteknologi Sogn og Fjordane. Mål for seminaret var å dele erfaringar og få fagleg påfyll. No fortsett arbeidet vidare i E-helse Vestland. 

Heilt tilbake til 2014 starta aktørar som Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT), Vestlandsforsking og IT-forum Vest samtalar om korleis ein burde arbeide for å få inn meir velferdsteknologi i regionen. Marta Strandos er leiar i USHT og gav eit tilbakeblikk på reisa. Det starta med 3 deltakande kommunar, til slutt var alle kommunane i heile Sogn og Fjordane med. Ho trekte òg fram fire suksessfaktorar:

Det breie samarbeidet i regionen - Spesielt Vestlandsforsking/IT-forum Vest. Eit stort nettverk som jobba strategisk og samarbeidde på søknader, forsking, evaluering og rapportar.
Alarmsentralen - Gav Kompetanse og erfaring i ei tidleg fase som var særleg nyttig knytt til responssenter for trygghetsalarmar og velferdsteknologi
Kommunane – Viste stor vilje og engasjement og arbeidet systematisk
Prosjektleiing - Kontinuitet og vidareføring av kompetanse

  

Vidare var det eit innlegg frå Alarmsentralen ved Inger Elise Grotle. Ho kunne diverre ikkje delta fysisk, men fortalde om reisa mot ein kvardag med meir teknologi ilag med prosjektet, og kvifor det hadde vore nyttig å digitalisera blant anna tryggheitsalarmar og andre responssenterløysingar. Ho fortalde og korleis dette har vore til hjelp for fleire. Tenestemottakar kan i større grad meistre kvardagen og bu lenger heime, og tenesteutøver kan gi meir effektive og gode tenester som frigir tid i kvardagen

 

Kinn kommune ved Jeanette Jensen og Anita Solvang heldt eit innlegg om korleis dei har jobba for å ta vekk «tids-tjuvane» og samtidig auke tverrfagleg samhandling. Eit mål var å få vekk mest mogeleg telefonar, muntlege beskjedar, gule lappar, internmeldingar, excelark og sjekklister. Derfor nyttar dei no ei løysing frå DNV Imatis – eit verktøy som kan gi rask tilgang på relevant informasjon i sanntid. Løysinga kan til dømes koblast opp til sensorar, som kan gi ein mykje meir effektiv og sikker teneste.

Tor Sætrang frå  HelseInn hadde eit glødande innlegg om korleis digitalisering kan vere eit verktøy for inkludering og bekjempelse av einsemd. Digitalisering kan hjelpa oss i kvardagen, men då må vi vere bevisst kring kva verdiar samfunnet prioriterar. Forsking syner at einsemd er eit alvorleg helseproblem, og at digitalisering kan forsterke dette om ein ikkje gjer det på rett måte.

På slutten av dag fyrste fortalde Kjell Olav Bondevik, som har vore prosjektleiar i Sogn og Fjordane, om korleis arbeidet og vegen blir vidare i E-helse Vestland, kva samarbeidet med Digi Vestland vil bety og kva satsingar og prioriteringar som kjem både regionalt og nasjonalt.

Andre dag var det ein større workshop med alle deltakarane. Målet var å samla erfaringar på kva det er viktig å ta med seg i arbeidet vidare og kva vi må vera bevisst på i form av utfordringar. Det vart og utdelt blomar til dei lokale prosjektleiarane frå kommunane.

Sist ut var Rasmus Mo med eit foredrag om korleis ein bygg lidenskap, entusiasme og begeistring og kvifor ein må tenkje positivt, særleg i motvind.