Tilskot for å auke digital kompetanse hjå eldre over statsbudsjettet NB: Frist utvida til 03.12.21Syner til felles søknad frå E-helse Vestland om tilskot til å motverke einsemd hjå eldre. Søknaden er innvilga frå Helsedirektoratet med 1 500 000 kr. Søknaden gjeld for 34 kommunar knytt til E-helse Vestland. Derav har tre av kommunane som er knytt til E-helse Vestland søkt eige tilskot til lokale prosjekt. NB: Frist utvida til 03.12.21 Tilskotet er søkt på som eit ledd i dei aktivitetar som E-helse Vestland har starta opp, og ligg som arbeidspakke 6 – Digitalt utanforskap, under prosjektet E-helse Vestland. Mål: Sikre at eldre i Vestland får nytte av tilgjengelig teknologi som kan avhjelpe einsemd og isolasjon. Sikre at eldre i Vestland får tilstrekkelig kunnskap til å nytte seg av teknologien Tiltaka blir summert slik; Skape møteplassar mellom unge og eldre. Legge til rette at pårørande kan vere en ressurs i å få eldre til å nytte digitale verktøy Ta i bruk allereie eksisterande utstyr som innbyggjarane har eller fekk då samfunnet stengte ned grunna Covid-19. Auke kompetanse hjå personell slik at dei kan forstå bruk av ulike kommunikasjonsverktøy Arbeide for betre brukarvenlegheit og universell utforming Opplæringa skal og vere berekraftig etter Covid-19 Vi ber om at kommunane no søkjer om midlar til sine lokale prosjekt innan «opplæring og implementeringsstøtte for å styrke den digitale kompetansen hjå eldre» frå E-helse Vestland. Send oss ei kort skildring av prosjektet (sjå vedlagt mal) og send dette til oss så raskt som mogleg og innan 21.11.21. NB: Frist utvida til 3.12. For kommunar som søkte midlar frå oss i fjor, ynskjer vi også ein kort statusrapport på kva tiltak de har gjort og kor mykje midlar de har att på budsjettet. Vi ser fram til mange spennande søknadar! Lukke til med arbeidet. Mal til søknad om prosjektmidlar kommunar (DOCX, 39 kB) Send søknad i retur til: annette.eri.norevik@sunnfjord.kommune.no Ta gjerne kontakt om du lurer på eller treng hjelp til noko: Annette Eri Norevik tlf: 47367111 e-post: annette.eri.norevik@sunnfjord.kommune.no Oversikt over kommunar som kan søke E-helse Vestland om tilskot for å auke digital kompetanse hjå eldre over statsbudsjettet: Askvoll Austevoll Austrheim Bjørnafjorden Bremanger Eidfjord Fedje Fjaler Gloppen Gulen Hyllestad Høyanger Kinn Kvam Kvinnherad Luster Lærdal Masfjorden Modalen Osterøy Samnanger Sogndal Solund Stad Stryn Sunnfjord Ullensvang Vaksdal Vik Voss Årdal Sist endra 28.11.2022 14.41