Brukargruppemøte i Bergen 5.9.22 E-helse Vestland har jamlege møte med brukarrepresentantar for å få viktige innspel på prioriteringar på e-helse området. Dagen starta ved at prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim gav ein statusrapport for prosjektet og dei ulike arbeidspakkane, for å gi litt innsikt i kva som har skjedd og ikkje minst, kva som skal skje framover. Til dømes på digital heimeoppfølging skal det utprøvast samkonsultasjon for å oppnå felles teneste mellom brukar, sjukehus og kommune. Vidare skal det utviklast og prøves eigarapportering, monitorering, oppfølging og respons – på tvers av sjukehus og kommunar. For å utforske problemstillingar knytt til digital heimeoppfølging hadde vi eit felles gruppearbeid for brukarrepresentantane, der tema var å samle inn erfaringar og forventningar og kva dei ynskjer prioritert. Erfaringar med eigenrapportering Fylt ut skjema som deltakar i prosjekt. Fylt ut før konsultasjon på sjukehuset. Gir legen ulike opplysningar, som gir grunnlag av vidare henvisning og/eller behandling Oppfølging digitalt mellom opphald på klinikk. Blir følgt opp med telefonkonsultasjon dersom det er andre svar enn forventa. Eit sjukehus har eit prosjekt der ein kunne svare før konsultasjon med mål å fange opp tema som vanlegvis ikkje vert tatt opp under konsultasjon. Får dermed risiko-vurdering. Kan fylle ut digitalt heimanfrå eller få skjema når ein kjem til konsultasjonen. Usikkerheit om korleis opplysningane blir brukt, kan gjere ein takkar nei til å svare Psykiatriteneste der pasienten jobbar med ting heime, og så vert det følgt opp på telefon etterpå Forventningar til digital heimeoppfølging - kva ynskjer brukarorganisasjonane vert prioritert? Ei dør inn - Ønsker at alt er knytt til Kjernejournal og Helse Norge. Strømlinjeforma og rom for mobilitet - Det er likt uavhengig av kva sjukehus ein skal på. Tryggleik - At dei som skal hjelpe deg, har tilgang til aktuell informasjon, sett inn i rett kontekst, særleg om personen ikkje sjølv kan opplyse om det. Innsyn - i eigen journal. Brukarvennleg og trygt - Tilbod om digital oppfølging hos både fastlege, kommunehelseteneste og spesialisthelsetenesta. Digitale konsultasjonar – spare ein del pasientreiser, reduserer belastning for pasienten, samt press på tenesta (og dermed auka kapasitet) Diabetes – Har sjeldne kontrollar i spesialisthelsetenesta. Blodsukkerverdiane kan bli sendt frå APP eller pumpe personen går med, for oppfølging av unormale verdiar hos “nokon” (få tidleg oppfølging, fange opp akutte situasjonar, redusere risiko for seinkomplikasjonar, samfunnsøkonomisk nytte) Brukarorganisasjonane kjem med utroleg gode innspel - som vi tek med inn i arbeidet når utprøving og vidareutvikling settes i gong. Satsinga har to aktive arbeidsgrupper i gang med digital heimeoppfølging, i Helse Førde (Sogndal kommune) og i Helse Fonna (Ullensvang). Sist endra 08.02.2023 09.36