15.3.22: Workshop Arbeidspakke 5 i Bergen

Korleis tek vi tak i barrierer for å ta i bruk velferdsteknologi? Kva kan det gjere for menneske med funksjonshemming? Workshoppen vart eit samarbeidsmøte for å utforske desse spørsmåla.

Det vart planlagt tre workshoppar i 2021 i regi av E-helse Vetland i satsinga velferdsteknologi til menneske med nedsett funksjonsevne. To av desse vart gjennomført som planlagt, medan den 3. måtte utsetjast til 2022 pga. pandemien. Tema denne gong vart Tenestemodell sett frå brukarsida. Arbeidsgruppa til E-helse Vestland si satsing på velferdsteknologi til menneske med nedsett funksjonsevne meldte inn behov for å belyse ulike tema:

  • Overgangar
  • Eksempel frå kommunar som har opplæring og support som del av tenestereisa for brukarar som har fått velferdsteknologi
  • Tvang, makt og samtykkekompetanse ved velferdteknologi til menneske med diagnosen utviklingshemming

Over 50 deltakarar var påmelde til denne workshopen, og dei kom frå:

  • tilsette i alle spydspisskommunane
  • deltakarar i arbeidsgruppa til E-helse Vestland si satsing på velferdsteknologi til menneske med nedsett funksjonsevne
  • repr. frå Habiliteringsavdelinga for vaksne, Helse Bergen (HAVO)
  • repr. frå Statsforvaltaren i Vestland
  • repr. frå Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Vestland fylke (USHT)
  • Høgskulen på Vestlandet, Institutt for velferd deltaking
  • KS og Helsedirektoratet (Nasjonalt velferdsteknologiprogram)
  • arrangør E-helse Vestland

Det er framleis smitte i samfunnet og det var difor litt sjukdomsfråfall både frå deltakarar og foredragshaldar.

 

Her er eit innblikk i nokre tema som ble presentert og diskutert:

  • Det er både små og store overgangar i barn og unges liv. Sølvi Ellefsen frå Statped fortalte om kva som er viktig for å få gode overgangar og gode eksempel på korleis velferdsteknologi kan bidra til betre overgangar.
  • Inlegg frå kommune med fleire års erfaring med velferdsteknologi til barn og unge med nedsett funksjonsevne måtte gå ut pga. sjukdom men ble erstatte med innlegg om nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP).

 

 

Paneldebatt med deltakarar NFU Alver og Masfjorden lokallag, HAVO, to representantar frå spydspisskommunane og representant frå Høgskulen på Vestlandet (institutt for for velferd og deltaking). Paneldebatten vart leia av Siv Bjønnum frå USHT Vestland (Hordaland). Tema var tvang, makt og samtykkekompetanse ved velferdsteknologi til menneske med diagnosen utviklingshemming. Kommunane fortel om omfattande arbeid med å ta i bruk velferdsteknologi til personar med diagnosen utviklingshemming. Både HAVO og Stasforvaltaren fortel at det er svært sjeldan det vert gjort nektingsvedtak frå Statsforvaltaren si side når HAVO og kommunane samarbeider om søknaden.

Etter lunsj fasiliterte Nasjonalt velferdsteknologiprogram workshop. Her fekk deltakarane gjennomgang av arbeidet med å få på plass helhetlig tjenestemodell. Helhetlig tjenestemodell er til hjelp for å få oversikt på oppgåver og aktørar som er involverte i velferdteknologi og velferdsteknologitenestene. Tema som behovskartlegging, interessentanalyse, forankringsaktivitet, gevinstarbeid, endringsarbeid og etisk refleksjon var tema

 

Vegen vidare:

E-helse Vestland er deltakar i Nasjonalt velferdsteknologiprogram «Velferdsteknologi til barn, unge og voksne med medfødte eller tidlig ervervede funksjonsnedsettelser». Det er ei nasjonal satsing av noverande regjering, og er planlagt å pågå i åra framover. E-helse Vestland har plan til 2025, og denne satsinga skal pågå i heile perioden. Målsetjinga er at alle kommunane i E-helse Vestland skal ta i bruk velferdsteknologi til denne målgruppa. Spydspisskommunane dannar erfaringar og får prosessveiledning undervegs, som delast med dei andre kommunane i E-helse Vestland. Prosessveiledning vil bli tilbydd frå NVP etter behov.