Sjukehusa om digital heimeoppfølging og eigarapporterte data
Bendik Westerlund Hegna frå Akershus universitetssjukehus fortalde om korleis dei har jobba med utprøving av digital heimeoppfølging. Dei jobbar også med å utarbeide digitale egenbehandlingsplanar. I deira region har dei ein sentralisert oppfølgingsteneste som mottek data og gir oppfølging på målingar i samarbeid med fastlege. Helse Sør-Øst har som mål at behovet for polikliniske konsultasjonar reduserast med 20 prosent gjennom medisinsk avstandsoppfølging eller nettkonsultasjon. Ahus har i dag fem ulike pasientforløp ved tre ulike klinikkar som følgjer opp digitalt ved klinikkane. Det utgjer omkring 1000 pasientar. Omtrent 800 av desse pasientane er vaksne med diabetes type 1. Resten er born med diabetes type 1, samt nyre-, heimedialyse- og IBD-pasientar. No jobbar teamet i Digital heimeoppfølging (DHO) med 11 nye digitale pasientforløp for mellom anna nyfødtpasientane, barsel og øyre-nase-hals-pasientar saman med avdelingane.
Bendik Westerlund Hegna (høgre), Ahus
Gitte Sas fortalte om korleis dei har etablert ein virtuell preoperativ poliklinikk i Helse Førde. Der bruker dei videokonsultasjonar før pasienten møter opp på sjukehuset, slik at dei kan innhente nødvendige opplysningar om pasienten sin helse og eventuelle sosiale forhold som kan ha betydning for innlegginga. Førebuande poliklinisk undersøking med videokonsultasjonar er foreløpig berre eit verktøy for dei pasientane som er klassifisert som friske, men gode resultat og høg tilfredsstilling frå pasientane gjer at dei ser på mogleg utviding til fleire pasientgrupper. Eit sentralt mål i prosjektet var å redusere talet på reiser til Førde sentralsykehus og redusere ventetida på sjukehuset for dei som må vere der. Sjå video om prosjektet her
Gitte Sas, Helse Førde
Hege B. Hopland-Nechita fortalte om bakgrunnen for verktøyet Norse FeedBack og korleis det blir brukt i dag. Løysinga er eit digitalt skjema for sjølvrapportering som pasientane fyller ut. Her rapporterer dei om livssituasjon/tilstand og korleis dei opplever behandlinga. Formålet er å redusere talet på/andelen av psykisk helse- og ruspasientar som fell ut av forløp. Løysinga gir moglegheit for kartlegging heime gjennom eit tilbakemeldingssystem som løpande tilpassar seg pasientens svar på spørsmål om problem og ressursar. Det gir og behandlar ein betre oversikt over risikofaktorar for pasienten. No skal Norse Feedback utvide moglegheitene, dei ønskjer å kunne gi betre pasientbehandling innan fleire område og ser til dømes på korleis det kan brukast i postoperativ smertebehandling.
Hege B. Hopland-Nechita, Norse Feedback
Status i Vestland
Avslutningsvis informerte koordinatorane for dei ulike lokale DHO-prosjekta om status og framdrift. Du kan lese meir om dei pågåande prosjekta her
Kjell Olav Bondevik og Per Waardahl er prosjektkoordinatorar for digital heimeoppfølging, og dei informerte om planane for korleis E-helse Vestland vil jobbe med digital heimeoppfølging i framover. Det vil bli satsa meir på ulike løysingar og teknologiar som kan brukast til å samle inn data frå pasientar og brukarar og utvikle samarbeidet med helseføretaka. Dette vil inkludere målingar, helseoppfølging og monitorering av den enkelte pasienten med digital oppfølging heime. Arbeidet skal legge til rette for og utvikle digitale heimeoppfølgingstenester som er brukarvennlege og hensiktsmessige for både brukarar og pårørande. I dette arbeidet skal det utviklast og leggjast til rette for tenester som omfattar både primærhelsetenesta og spesialisttenestene.