DigiVestland og E-helse Vestland Informasjon om samordning DigiVestland og E-helse Vestland Styringsgruppa i E-helse Vestland og Regionalt fag- og prioriteringsutval i DigiVestland, vedtok i sine møte 21. og 23. mars 2023, å samordna seg i styringsstrukturen til DigiVestland. Samarbeidsavtaler E-helse Vestland har med kommunane går ut frå 23. mars, men aktivitetane er dekt av avtala DigiVestland har med kommunane. E-helse Vestland sine samarbeidsavtaler med andre partar vil bli overført til DigiVestland i tida som kjem. Kva tyder dette for kommunane? Alt i alt vil ikkje kommunane merka stort til samordninga, aktivitet og oppgåver vil bli ivareteke. Prosjekta i E-helse Vestland blir vidareført i regi av DigiVestland. Nettverkskontaktar i E-helse Vestland vil inngå i KS kommunenettverk for velferdsteknologi og digital heimeoppfølging, som er koordinert med e-helsesekretariatet i DigiVestland. Informasjon som tidlegare har vore sendt ut av E-helse Vestland, vil heretter bli sendt frå DigiVestland. DigiVestland planlegg nye nettsider i løpet av 2023. Fram til dette er på plass vil informasjon om prosjekta som tidlegare var eigd av E-helse Vestland, vera å finne på begge nettsidene. Me ser fram til vidare samarbeid om viktige og spanande prosjekt for gode helsetenester i kommunane! Sist endra 31.03.2023 09.34