Helseinnovasjonskonferansen 2022

 E-helse Vestland har saman med Helse Førde vore hovudarrangør for Helseinnovasjonskonferansen 2022

Frå Venstre: Frode Lindvik (Bano). Anne Kristin Kleiven (Helse Førde). Kristine Timberlid (Innovasjon Noreg) og Arild Kristensen (Norwegian Smart Care Cluster). 

 Målet med Helseinnovasjonskonferansen er å skapa ein tverrfagleg arena for kompetansedeling og nettverksbygging på tvers av fag og folk - saman kan ein finna nye løysingar for helsesektoren. Vi håpar difor alle som deltok sit igjen med nye kontaktar og inspirasjon til arbeidet vidare.

Programmet bestod av foredrag frå både privat og offentleg sektor, akademia, verkemiddelapparatet, investormiljø og gründerar. I tillegg kunne ein delta i temaprat, og besøka nytenkande bedrifter og andre aktørar på stand. Gjekk du glipp av konferansen? Opptak frå begge dagar finn du her:  helseinnovasjonskonferansen.no

Vår prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim haldt innlegg i den treffande bolken Det er ikkje nyttig før det er i bruk!. Ho fortalde om korleis vi jobbar for å gjere Vestland til ein kraftregion for bruk av velferdsteknologi. Blant anna trekte Kari fram at vi treng moglegheiter til å prøva ut nye ting, at vi må tora å feila og ikkje minst treng vi gode samarbeid.  Vidare at det ikkje nyttar med teknologi som ikkje kan snakka med andre system og løysningar, det er noko dei som lagar nye løysingar alltid må ha med i tankane.

Bilde frå studio, rett før Kari sitt innlegg  

Frå studio - til høgre er rådgjevar Julia Mørk (Helse Førde)  

Helseinnovasjonskonferansen var eigentleg planlagt til å vera eit fysisk arrangement i Førde – men som mange andre ting, vart planar forandra i samanheng med auka smittetrykk i desember 2021. Derfor vart konferansen kjapt omgjort til å bli digital. Heldigvis gjekk det å skapa moglegheiter for erfaringsdeling og kontakt òg digitalt. Konferansen nytta ei plattform utvikla av Apriil. Den gav gode moglegheiter for å besøka organisasjonar og løysingstilbydarar på stand, planlegga møte og deltaking i ein felles chat. Over 500 vart innlogga, meir ein 100 møte vart booka og i chatten var det flust med aktivitet. 

I etterkant har vi fått utruleg masse positive tilbakemeldingar. Det er engasjement på både kor godt den digitale konferansen verka, men og på innhald i programmet. Til dømes laga vi i samarbeid med Stad kommune eit innslag om digital heimeoppfølging. Det kan du sjå her: