Seniordag i Kvinnherad kommune

Onsdag 10.11 var det duka for seniordag i Kvinnherad, i regi av Caroline Holmedal Saghaug og Marte Kristoffersen Øyjord ved Kvinnherad kommune. Her kunne seniorar og pårørande læra om velferdsteknologi, samt få eit innblikk i kva kommunen har å tilby av småhjelpemidlar.

Torbjørg Eikeland (t.v.), Ingeborg Kambe og John Kambe vitja seniordagen for å bli meir kjent med dei ulike tilboda i kommunen. Marthe Eide  

Kvinnherad kommune er med i E-helse Vestland, og vi er så glade for at dei viser fram  forskjellige typar velferdsteknologi til innbyggarane sine. Hjelpemidla kan vera enkle, men gjer ein stor forskjell om dei blir brukt. Førebels er ikkje alle slike hjelpemiddel ein integrert del av tilbodet til kommunane, det jobbar vi  i E-helse Vestland med å endra.

Lokalavisa Grenda v/ journalist Marthe Eide var med på hendinga, vi har fått lov til å dela saka og dei flotte bilda frå dagen.

Nyfikne seniorar fylte festsalen

Festsalen vart fylt opp i kvar ein krok av nyfikne seniorar og pårørande som ville læra meir om velferdsteknologien, og kva kommunen har å tilby innanfor viktige hjelpemidlar. Ulike tenester og lokale butikkar hadde kvar si stand, og dei besøkjande kunne difor få informasjon og leksjon i dei ulike hjelpemidlane.

Onsdag inviterte Marte Kristoffersen Øyjord (t.v.) og Caroline Holmedal Saghaug til seniordag i festsalen ved Kulturhuset Husnes. Her fekk seniorar og pårørande læra om dagens velferdsteknologi. Marthe Eide   

Caroline Holmedal Saghaug var både letta og glad då Grenda vitja seniordagen onsdag føremiddag.

– Eg er så letta. Me kryssa jo fingrane for at det skulle koma ein del innom i dag, men at det skulle dukka opp så mange, det turte me ikkje å håpa på, smiler ho og legg til:

– Her får seniorar moglegheit til å stilla spørsmål kring hjelpemidlar, og i tillegg kan dei få eit innblikk i kva som finst i kommunen. Formålet er jo å synleggjera kva denne målgruppa kan investera i sjølv for å få ein tryggare og enklare kvardag.

Styrketest

I programmet var ordføraren Hilde Enstad først ut, etterfølgt av eit kulturelt innslag. Vidare fekk dei besøkjande informasjon om førebyggjande heimebesøk i Kvinnherad kommune frå Caroline H. Saghaug, og saman med Marte K. Øyjord vart dei lokale tenestene og butikkane presentert.

Ved Herpo si stand kunne dei besøkjande testa ut ein trappeassistent. Dette er eit hjelpemiddel for deg som følar deg ustø opp eller ned trappa. I dag vert dette verktøyet nytta av brukarar i alle aldersgrupper, med ulike funksjonsutfordringar. Marthe Eide     

Blant dei mange tenestene og butikkane, var det full aktivitet ved standen til eininga ergo- og fysioterapi. Her fekk seniorane testa styrka si.

– Her kan dei som vil ta ein 30 sekundar «reisa og setja seg ned» test. For mange er det naturleg å nytta henda sine til å reisa seg, men om du er avhengig av det, visar det til at ein har redusert styrke i beina. I slike tilfelle kan det vera fare for fall, og det er noko me ønskjer å redusera, fortel fysioterapeut Gina Berge Soldal, og held fram:

– Om me skal arbeida med førebyggjande er det viktig at målgruppa som står i fare for eit funksjons-fall kjem så tidleg som mogleg. Slik kan me gi dei tips og råd, og ljosa dei inn i lag og organisasjonar med gode og nyttige tilbod. All aktivitet er betre enn ingen, og det enkle er ofte det beste. Ein treng ikkje alltid eit treningssenter og mykje utstyr. Ved å nytta si eiga kroppsvekt får ein mellom anna god trening ved å pressa seg sjølv å gjenta øvinga fleire gongar.

 

Eit hav av tilbod

Torunn Thorsen (87) frå Sunde var ei av dei som testa styrken sin denne dagen. Ho imponerte ikkje berre dei rundt seg, men også seg sjølv då ho slo snittet med glans.

– Eg måtte jo testa styrkja mi når eg først fekk moglegheit, og tydelegvis var eg over snittet, smiler ho nøgd.

Thorsen var takksam og glad over at det vart arrangert ein seniordag med velferdsteknologi på programmet.

– Det er jo eit hav av tilbod, og for meg har det vore vanskeleg å navigera kva som finst av tilbod i kommunen. Ein slik dag var difor svært nyttig og lærerik, fortel ho.

Torunn Thorsen frå Sunde var ei av mange så vitja seniordagen onsdag. Ho var ikkje vanskeleg å be då ho vart spurt om å delta i styrketest. Marthe Eide