Både DigiVestland og E-helse Vestland har jobba aktivt med å støtte digitaliseringsarbeidet i kommunane, gjennom å utvikle gode, likeverdige og berekraftige tenester til innbyggjarane.
Vi ser at den digitale transformasjonen vi står overfor krev meir samarbeid. Nye innovative løysingar, som digital heimeoppfølging, aukar kompleksiteten og behovet for samhandling. Derfor har E-helse Vestland gått saman med DigiVestland. Vi brenn for å få ut potensialet i teknologi til det beste for sluttbrukar og for kommunane. Vi held fram med å arbeide både strategisk og operativt, for å få ei samlande kraft som kan handtere og koordinere den digitale utviklinga på Vestlandet.
I lag står vi sterkare, no kan vi kombinere ekspertise, erfaringar og samarbeide på tvers av fagfelt. Det betyr at vi blir ein større og tydelegare ressurs for kommunane. Vi skal halde fram med å vere ei støtte på innføring, erfaringsdeling og gevinstrealisering i tillegg til å formidle innspel og behov til sentrale styresmakter.
Eit viktig ledd i arbeidet omfattar eit tett samarbeid med kompetansenettverket for e-helse og Kommunenettverk for velferdsteknologi og digital heimeoppfølging i regi av KS. Nettverka bidrar med koordinering og samhandling med kompetansemiljø, erfaringsdeling og støtte til samarbeid mellom kommunar.
Kari Eidnes Bjørkheim (tidlegare E-helse Vestland, prosjektleiar DigiVestland):
-Skal vi møte utfordringane vi står ovanfor må arbeidet med å ta i bruk e-helse løysingar bli ei varig satsing. Når vi samlar oss, blir det lettare å arbeide mot felles mål. Det må vi for å kunne støtte kommunane, heilt ut til sluttbrukar.
Kristin Brekke (Leiar E-helse, DigiVestland):
-E-helse Vestland har lang erfaring med å støtte kommunane med å nytte teknologi i helse- og omsorgssektoren, heilt tilbake til oppstart i tryggleik- og meistringssprosjektet i 2013 i regi av Nasjonalt velferdsteknologiprogram. Å vidareføre kompetansen og nettverka frå prosjektet er til det beste for kommunane i Vestland fylke.
Kjell Olav Bondevik (Kommunenettverk for velferdsteknologi og digital heimeoppfølging):
-For at tenester som digital heimeoppfølging skal fungere er vi heilt avhengige av tverrfagleg dialog og samhandling. Gjennom samordninga vil det bli lettare å få til felles informasjon og forankring i kommunane.
Styrk Matre Grimstad (KS e-komp):
-Gjennom samarbeidet vil vi ha ei felles kraft for å handtere den digitale utviklinga i kommunal sektor. Då kan vi sikre effektiv utnytting av teknologi og innføring av nasjonale fellesløysingar.
Kvar for oss har vi kome langt, og no gler vi oss til å sjå kva vi får til saman. Vi vil vidareføre det tette samarbeidet med kommunane, helseføretak, fylkeskommunen, akademia og næringsliv for å utvikle innovative og berekraftige tenester til alle innbyggjarar i Vestland fylke.