USHT

Status og fremgang

Status og fremgang

 

E-helse Vestland er òg i 2022, som i 2021, deltakarar i Nasjonalt velferdsteknologiprogram( NVP) velferdsteknologi til barn, unge og vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. I dette ligg det tildeling av tilskot til aktivitet og kompetansetiltak til koordinering,  deltaking i nettverk og prosessveiledning. E-helse Vestland koordinerer satsinga, er bindeledd mellom kommunane og NVP og står for ulike arrangement og kompetansehevande tiltak for kommunane. 

Spydspisskommunane 

8 kommunar er spydspisskommunar for velferdsteknologi til barn, unge og voksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Å vere spydspisskommune betyr at det er sett i gang prosjekt i kommunen og etablert ei lokal prosjektgruppe som arbeider mot målet om at velferdsteknologi òg skal spreiast til denne målgruppa. Gruppa har viktig rolle i å sikre det tverrsektorielle samarbeidet, forankringsarbeidet, lage målsetjing og internt informasjonsarbeid.  

Spydspisskommunane må starte prosessen med å jobbe med å kartlegge behov i eigen kommune og planlegge mål og gevinstar. I juni vart den første leveransen til Nasjonalt velferdsteknologiprogram levert. Den handla nettopp om kartlegging, mål og gevinstar. Hausten 2022 skal kommunane jobbe med leveranse på milepælane tverrfagleg tenesteforløp og og heilheitleg tenestemodell. 

Kommunane er av ulik storleik og organisering og tenester varierer. Kompleksiteten er stor, då det er mange aktørar rundt personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting, både internt i kommunen og eksternt. Samtidig er det ulike teknologiar som er i bruk, både pedagogiske og  helserelaterte. Her er det ulike aktørar involvert t.d. lærarar og assistentar, terapeutar og helsepersonell, pårørande og ikkje minst brukar. 

Samarbeid 

For barn og ungdom er barnehage og skule vanlegvis den arenaen dei oppheld seg i det daglege. Føresette har som regel den daglege omsorga, medan kommunale helse- og omsorgstenester kan vere inne med avlastningstiltak, aktivitetstilbod m.m. Det er dermed mange som vil ha behov for kunnskap og opplæring i den velferdsteknologien som barnet og ungdommen skal bruke.  

For personar med utviklingshemming vil inngripande teknologi bli definert som inngripande, så sant den ikkje vert definert som medisinsk tiltak. Habiliteringa for vaksne (HAVO) er her ein viktig veiledar for kommunane med å gjere vurderingar. Statsforvaltaren gjer det endelege vedtaket. Både HAVO og Statsforvaltaren er dermed viktige aktørar i velferdsteknologi og samarbeidspartar for kommunane og på overordna nivå for E-helse Vestland. 

Arbeidsgruppa til E-helse Vestland er bredt samansett, noko som sikrar at ulike ståstadar, perspektiv og erfaringar vert tatt med. Brukarrepresentantar løfter fram det at mange har behov for ulike teknologiar. Og det vert dermed uklare ansvarsforhold og mange aktørar å forholde seg til for brukar/pårørande. Dei etterlyser ein veg inn i kommunen dei bur i når det gjeld velferdsteknologi som ein får tildelt.  

Mange teknologiar aukar òg kompleksiteten og utfordringa med kunnskap, ansvar og opplæring. Velferdsteknologi frå den nasjonale tryggleiks- og mestringssatsinga er aktuell, mange brukar ulike teknologiar frå NAV Hjelpemiddelsentral. Barn og unge er vakse opp med nettbrett og smarttelefonar med ulike APP-er som kan fungere som gode hjelpemiddel, læring og øving tillegg til rekreasjon. I tillegg finnast det mange leverandørar som tilbyr nyttige velferdsteknologiske løysingar som enten kan kjøpast som hyllevare eller kommunar kan gjere innkjøp. Skreddersøm er dermed eit stort behov. NAV Hjelpemiddelsentral og Statped som er med i arbeidsgruppa til E-helse Vestland, er ein viktig ressurs med si lange erfaring med bruk av teknologi som hjelpemiddel til både fritid arbeids- og skulesamanheng. 

Ei utfordring som har kome fram gjennom arbeidet til arbeidsgruppa er at hjelpemiddel frå NAV, og då spesielt kommunikasjons- og kognisjonshjelpemiddel som er hyppig brukt hos målgruppa, møter vanskar med kommunale brannmurar. Dei kommunale brannmurane har blitt endå mindre gjennomtrengelege pga. både nasjonale pålegg og den urolege verdssituasjonen. Det er difor eit pågåande samarbeid mellom eit IKT-fellesskap og hjelpemiddelsentralen om å løyse utfordringa, slik at brannmurane ikkje vert barriere mot å ta i bruk velferdsteknologiske hjelpemiddel i kommunale nettverk. Erfaringane vil bli delte med andre kommunar, hjelpemiddelsentralar og IKT-fellesskap.  

Leverandørpresentasjonar 

Kommunane melder frå om at det er vanskeleg å få oversikt over kva som finnast av aktuelle teknologi som kan avhjelpe ulike behov. Det vart difor gjennomført leverandørpresentasjonar i mars i samarbeid med Norwegian Smart Care Cluster.  

Erfaringsdeling 

E-helse Vestland reiser årleg rundt til deltakarkommunane på informasjons- og dialogmøter. Satsinga på barn, unge og vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting vil informert og erfaringar så langt vil bli delt.  

Det er ynskjeleg å gjennomføre eit informasjons- og erfaringsseminar  i 2023 for alle deltakarkommunar i E-helse Vestland. Målsetjing er at fleire kommunar kan dra nytte av erfaringar frå både spydspisskommunar og nasjonalt, og kan starte ei satsinga på velferdsteknologi på målgruppa i eigen kommune slik at ein kan dra nytte av det fokuset, nettverket og kompetansehevingstiltaka som er no når Nasjonalt velferdsteknologiprogram og E-helse Vestland har ei satsing på målgruppa.   

Tilskot 

Milepæler kommunane jobbar med i 2022

Aktivitetar 2022 

  • Arbeidsgruppa har månadlege digitale møter. Arbeidsgruppa støtter opp under at spydspisskommunane skal nå nasjonale målsetjingar m.a. gjennom erfaringsdelinga i den bredt samansette gruppa, belysning av ulike tema og felles problemløysing 

  • Nettverket «Tenketanken» starta opp att med møter annankvar månad våren-22. Tenketanken skal utvidast og alle kommunane i E-helse Vestland vert inviterte til å delta 

  • 10.06, 10.09 og 10.12: spydspisskommunane skal levere kvartalsvise statusrapportar 

  • Veke 24: leveranse frå kommunane på milepæl 1 (gevinstrealisering) 

  • 01.11: leveranse frå kommunane på milepæl 2 (tverrfagleg tenesteforløp) 

  • 01.12: leveranse frå kommunane på milepæl 3 (helhetlig tjenestemodell) 

  • 01.12: Inspirasjonsdag med tema velferdsteknologi i tenester til personar med utviklingshemming fasilitert av USHT-ene i samarbeid med kompetansegruppe etablert av E-helse Vestland 

  • Dei 4 USHT-ene i Vestland og Rogaland har gått saman om utarbeid plan for korleis arrangere den nye versjonen av Velferdsteknologiens ABC med oppstart hausten 2022. E-helse Vestland bidrog med innspel i innleiande fase. ABC-en vil bli tilbod til alle kommunane i dei to fylka. Denne opplæringa er aktuell for alle aktørar som er involvert i velferdsteknologi rundt brukarane.  

  • Tildelt kompetansetilskot (velferdsteknologi innan tenester til personar med utviklingshemming) skal nyttast til å revitalisere og spreie opplæringsmateriell knytt til velferdsteknologi for personar med utviklingshemming, samt utarbeiding av nytt materiell. Det skal lagast 4 podcast og gjennomførast kompetansetiltak innan velferdsteknologi for ressurspersonar i deltakarkommunane 

  • Bidragsytar til MTEK i Bergen, som er utsett frå november 2022 til vårparten 2023 

Kontakt

Gro Helen Dyrdal Løvik
Prosjektkoordinator
E-post

Fant du det du lette etter?