USHT

Om prosjektet

Om prosjektet

E-helse Vestland vart starta i 2020 som eit samarbeidsprosjekt mellom Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane og Vestlandsprosjektet - saman om velferdsteknologi. Dei to velferdsteknologiprosjekta knytta til seg fleire samarbeidspartar som saman etablerte E-helse Vestland. Prosjektet er ein del av ein fleireårig plan der alle kommunane i Vestland fylke gradvis vert med.

Visjon E-helse Vestland

Alle innbyggjarane skal kunne bu lengst mogeleg heime i alle deler av Vestland fylke, støtta av velfungerande tenester bygd på velferdsteknologi i alle kommunane.​

Hovudmål 2021

Prosjektet skal gjennomføre andre fase av ein fleirårig plan til 2025 der alle kommunane i Vestland fylke blir med. Prosjektet skal utvikle eit sterkt fagleg samarbeid for å samle, bygge og dele kunnskap og erfaringar som er kritiske for innføring av velferdsteknologi i kommunane. Kommunane skal vera i førarsetetet og skal implementere og ha vesentleg gevinst av velferdsteknologi. Prosjektet skal støtte kommunane i å realisere det store potensialet i bruk av velferdsteknologi. Velferdsteknologi er også viktig under Covid-19-pandemien for å trygge både tenestetilbydarar og tenestemottakarar for helse- og omsorgstenestene og å hindre smittespreiing. 

Hovudmålet skal realiserast gjennom følgjande sett av konkrete og målbare delmål:

  1. Forsterke effektar og dyrke fram eit Vestlandsnettverk for velferdsteknologi
  2. Vidareutvikle digital heimeoppfølging i samarbeid med sjukehus og kommune
  3. Vidareutvikle fagleg samarbeid mellom responssentra
  4. Sikre kompetanseutvikling mellom alle kommunar og utdanningane
  5. Vidareutvikle tenester til barn og unge med nedsett funksjonsevne
  6. Motverke einsemd blant eldre

E-helse Vestland skal bidra til å nå nasjonale mål og til vidareutvikling på e-helseområdet

Omgrepsbruken innan teknologi i helse og omsorg har endra seg gjennom gjennom tidene. Det har blitt brukt omsorgsteknologi og velferdsteknologi. I seinare tid er e-helse tatt i bruk fordi det femner større enn omgrepet velferdsteknologi. 

Det er nasjonal målsetjing om at velferdsteknologi skal vere satsingsområde og i aktivt bruk i alle kommunar gjennom Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP). 

For å nå målet om at velferdsteknologi skal vere i aktivt bruk i alle kommunar, og vere satsingsområde, er prosjektet E-helse Vestland på mange måter ei videreføring av NVP. E-helse Vestland skal bidra til å nå målet om  at alle kommuner i Vestland skal ha innført velferdsteknologiske tenester.​

​Prosjektet E-helse skal bidra til at fylket blir meir koordinert og at kommunene får  bistand på områder dei sjølv opplever behov, for å innføre velferdsteknologiske tenester.​

​Velferdsteknologi er ei teneste i kontinuerleg utvikling og det er difor fokus på å identifisera og  utvida tenestene til nye tenesteområder.​ Dette området er i fokus i E-helse Vestland.

​E-helse Vestland sine oppgåver handlar om tenesteutvikling og omstilling, opplæringstiltak i kommunane, dialog med brukargruppene i lokalsamfunnet, felles evaluering og kunnskapsutvikling og dermed også i stor grad kunnskapsutveksling mellom eit stort tal kommunar i nye Vestland. Målet er at tenestetilbodet skal vera mest mogeleg brukartilpassa, effektivt, av god kvalitet og i samsvar med nasjonale føringar over heile Vestland fylke. E-helse Vestland konsenterer innsatsen til brukarsida, og ikkje tekniske komponentar og infrastruktur. 

9. april fekk vi mulighet for å presentere prosjektet E-helse Vestland til Kommunal- og forvaltningskommitèen.

Kontakt

Kari Eidnes Bjørkheim
Prosjektleiar
E-post
Mobil 975 62 026
Kjell Olav Bondevik
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 928 72 797
Anita Lønnebakken Sævild
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 959 87 640
Annette Eri Norevik
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 473 67 111
Gro Helen Dyrdal Løvik
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 408 01 646
Per Waardal
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 928 47 577
John Eirik Anfinsen
Kommunikasjonsrådgiver
E-post
Mobil 400 19 387

Fant du det du lette etter?