Brukarmedverknad

Under arbeid.

E- helse Vestland har frå starten lagt stor vekt på medverknad frå brukarar av helsetenestene. All utvikling og kvalitetsbetring av tenestene skal skje ut frå brukarbehov. Vi har difor etablert eit relativt stort brukarforum, med deltakarar frå fleire ulike organisasjonar og instansar. Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) har spelt ei viktig rolle med å finne fram til fleire deltakarar. Brukarrepresentantane er dels med i ulike arbeidsgrupper/arbeidspakkar, men møter og til fellesarrangement 2 ganger årleg.

Til no har brukarane gitt vesentlege tilbakemeldingar om kva som er viktig frametter når ein skal satse meir på digitale tenestetilbod og digital tilgjenge. Vi nemnar spesielt;

  • Tenester som kan gi spart reisetid
  • Konsultasjonar i sanntid sjukehus/ kommune/ brukar
  • Bruk av eigarapporterte data
  • Tilgang til helsedata i sanntid
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Universell utforming
  • Omsyn til dei som ikkje er digitalt inkluderte
  • Merethe Landaas  - Landsforeningen for hjerte og lungesyke
  • Harald Ekroll  - Eldrerådet fylkesnivå (Vestland)
  • Ida Nordvik – Ungdomsrådet Helse Bergen
  • Kjell  Kjørlaug  - Pensjonistforbundet fylkesnivå
  • Evy Knudsen  -Norsk forening for utviklingshemmede
  • Jonny Gjerde – Erfaringskonkonsulent Luster kommune
  • Marie Aarvik   - Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
  • Inger Myrtvedt – Diabetesforbundet
  • Olav Steinsland - Eldrerådet (Alver kommune)
  • Astrid Martinsen - Norsk Revmatikerforbund