1 500 000 kr tildelt E-helse Vestland for å styrke den digitale kompetansen hjå eldre

Jérôme Choain fra Pixabay I 2020 vart E-helse Vestland tildelt 845 000 kr i den same tilskotsordninga frå Helsedirektoratet. Dei 18 kommunane som til no har vore med i satsinga, har gjort eit godt stykke arbeid for å styrke den digitale kompetansen hjå eldre i deira kommune. Det at vi i 2021 er tildelt 1 500 000 kr er særs gledeleg, då det betyr at vi også framover kan støtte, styrke og utvide arbeidet for å motverke digitalt utanforskap i våre kommunar.

Digitalt utanforskap er etter kvart blitt eit stort problem i Noreg, og det er sagt at så mange som mellom 400 000 - 600 000 personar ikkje har nok digital kompetanse til å utføre kvardagslege tenester digitalt. 

Tilskotsordninga "Opplæring og implementeringsstøtte for å styrke den digitale kompetansen (tiltakspakke for sårbare eldre)" har som målsetjing å gi IKT-opplæring i teknologiske verktøy til eldre for å heve deira digiale kompetanse for å:

  • Motverke einsemd gjennom å bidra til å vedlikehalde og styrke eldres moglegheite il å oppretthalde sine sosiale nettverk. Tiltaka skal mobilisere unge, eldre og pårørande ved blant anna å tilrettelegge for møteplassar og samhandling mellom generasjoner, til dømes gjennom tilbod om datahjelp frå unge til eldre. 
  • Betre helsekompetansen, herunder digital helsekompetanse i bruk av teknologi for å tilleigne seg helseinformasjon på nett via pc, nettbrett, smarttelefon og anna. 
  • Gjere eldre betre i stand til å motta digitale helsetenester, eksempelvis via videokonsultasjon og e-konsultasjon med meir. 
     

Målgruppa er eldre, inkludert dei som er i institusjon og dei som mottek heimetenester.


Les meir om tilskotet her:

Opplæring og implementeringsstøtte for å styrke den digitale kompetansen (tiltakspakke for sårbare eldre)