Digital samkonsultasjon ved Indre Sogn Psykiatrisenter

I regi av E-helse Vestland har Sogndal og Årdal kommune starta eit prosjekt for å prøve ut digital samkonsultasjon ved Indre Sogn Psykiatrisenter (ISP) i Sogndal. Tiltaket gjeld samkonsultasjon mellom pasient, fastlege og spesialist.

Tiltaket gjeld oppfølging av pasient med omfattande behov. Aktuelle pasientar er psykisk sjuke personar med helsetilbod/helsehjelp både frå kommunale helsetenester og ISP.

I dag ser ein at mange pasientar blir utskrivne utan gode overføringsmøte mellom tenestemottakar, spesialisthelseteneste og kommune. Årsak kan vere utfordringar med reiseveg og kapasitet til fysiske møte. Det skapar stor usikkerheit, auka reisetid og går på kostnad av tryggleik for pasient. Fråvær av samkonsultasjon gjer og at pasient i større grad får auka fare for nye innleggingar.

Med digital samkonsultasjon er målsetjinga å sikre at pasienten får god og tilrettelagt oppfølging, det gjer ein ved å sikre at relevante partar har tilgang på nødvendig informasjon. Målsetjinga er å skape betre og meir effektiv bruk av helsetenestene. Planlagt forløp er visualisert i ein modell:

Det er ikkje snakk om store oppstartkostander. Begge instansar har nødvendig utstyr frå før. Eventuelle kostnader vil vere knytt til opplæring og implementering. Driftskostnader for kommunen/fastlegane vil heller ikkje endre seg mykje.

Gevinstar:

  • Raskare vurderingar
  • Betre logistikk
  • Spart reisetid og reisekostnader
  • Sparte innleggingar

Det er tydelege gevinstar både for pasientar og samfunnet ved at ein nyttegjer seg av denne metoden. Kommunar som høyrer til Helse Førde har gjennom E-helse Vestland gode moglegheiter til å følge prosjektet i Sogndal og Årdal, slik at dei og fort kan kople seg på og dra nytte av utprøvinga. Metodikken og erfaringane som blir oppnådd vil bli spreidd til endå fleire kommunar i fylket. 

Kontakt

Per Waardal
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 92 84 75 77