E-helse Vestland feirar 1 år!

E-helse Vestland har allereie heldt på i eit år, det vart ei lita feiring under møte med forankringsgruppa.

 

Eit helt år har gått sidan oppstart i august 2020. Det vart feira med kake og god stemning. 

25-26. August vart det eit fysisk møte med forankringsgruppa i Førde. På møtet ble det presentert status i dei ulike arbeidspakkane i prosjektet, og etterlyst innspel på korleis prosjektet bør jobba framover.

 

Det vart fleire arbeidsøkter, til dømes ein økt der gruppa freista å kartlegge moglege utfordringar. Det vart og ei økt der forankringsgruppa kunne kome med innspel på korleis E-helse Vestland som organisasjon burde arbeida for å få til effektivt spreiingsarbeid for målgruppene. Innspela frå forankringsgruppa er utruleg viktige. Ein stor takk til deltakarane som hadde høve til å bli med.