USHT

Nyhendebrev 1/2021

Nyhendebrev 1/2021

    

Klikk for stort bilete  

E-helse Vestland 
vart etablert under møte i Florø 29.-30. januar 2020. Dette på bakgrunn av behov for ei samla satsing på området i det nye fylket vårt.

 

Prosjekttittel
Etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenesta

Samarbeidspartar

- Velferdsteknologi-    prosjektet i Sogn      og Fjordane
- Vestlandsprosjektet
- Høgskulen på            Vestlandet
- Vestlandsforsking
- Helse Vest IKT
- Helse Bergen
- Helse Førde
- USHT Vestland          Hordaland og
  Sogn og Fjordane

E-helse Vestland er planlagt for perioden 2020-25, og fekk tildelt kr 3 250 000 i fornyings- midlar frå Fylkesmannen i 2020.

Prosjektansvarleg
Sunnfjord kommune

Prosjektleiar
Kari Eidnes Bjørkheim

Hovedmålet skal realiserast gjennom følgjande sett av konkrete og målbare delmål:

Forsterke effektar og dyrke fram eit Vestlandsnettverk for velferdsteknologi

Vidareutvikle digital heimeoppfølging i samarbeid sjukehus og kommune

Vidareutvikle fagleg samarbeid mellom responssentra.

Sikre kompetanseutvikling mellom alle kommunar og utdanningane

Vidareutvikle tenester til barn og unge med nedsett funksjonsevne

Motverke einsemd blant eldre

«Saman om ei god teneste i endring»

Nyhende 1/2021

​​

Klikk for stort bilete 

Kjære medarbeidarar

Morgondagens helsearbeidarar har like «varme hender» for brukarane, men tenker nytt og jobbar smartare.

Helsetenestene er i endring for å sikre bærekraft og kvalitet inn i framtida. Behovet for ny kompetanse, nye arbeidsformer og auka samhandling pregar utviklinga. Eit teknologisk skifte ventar helse- og omsorgssektoren, der innføring av digitale pasientjournalar, mobile arbeidsflater, e-konsultasjonar og muligheter til å følge opp brukarar i heimen vil endra både kommunane og sjukehusa sitt  kompetansebehov. Meir komplekse tilstandar  vil kreve  meir spesialisert kompetanse, større fagmiljø og tverrfagelg samarbeid. Kvaliteten på tenestene  skal ivaretakast, men vi må saman tenke annleis og jobbe smartare.

I E-helse vestland har vi difor sett dette på dagsorden og organiserer ei bevist satsing på å tilnærma  oss  muligheten framtida gir oss. Vi  vil vere med å tilrettelegga for at Vestland er der dei  skal væra når dei må!!

Hovedmål for E-helse Vestland  2021 er at prosjektet skal gjennomføre andre fase av ein fleirårig plan til 2025 der alle kommunane i Vestland fylke blir med. Prosjektet skal utvikle eit sterkt fagleg samarbeid for å samle, bygge og dele kunnskap og erfaringar som er kritisk for innføring av velferdsteknologi i kommunane. Kommunane skal vera i førarsetet og skal implementere og ha vesentleg gevinst av velferdsteknologi.

Prosjektet skal støtte kommunane i å realisere det store potensialet i bruk av velferdsteknologi. Velferdsteknologi er også viktig under Covid-19-pandemien for å trygge både tenestetilbydarar og tenestemottakarar for helse- og omsorgstenestene og å hindre smittespreiing.

 

Med venleg helsing
Kari E. Bjørkheim
-prosjektleiar-

 

Fant du det du lette etter?