Samarbeid - Velferdsteknologiens ABC

E-helse Vestland vil vere bidragsyter når USHT i haust skal arrangere opplæringspakken Velferdsteknologiens ABC for tilsette i kommunal helse- og omsorgsteneste og andre involverte i velferdsteknologitjenester, uavhengig av utdanningsbakgrunn og stillingsnivå. 

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) har to regionale kontor her i Vestland, eit i gamle Sogn og Fjordane og eit i Hordaland. Dei skal gjennom hausten arrangere opplæringspakkar knytt til velferdsteknologi. Kursopplegget er i omfattande bruk i kommunane som ei basisopplæring om velferdsteknologi, tenesteinnovasjon og korleis ein skal jobba med velferdsteknologi i ein heilskapleg tenestemodell. Målgruppa er tilsette og leiarar i kommunale helse- og omsorgstenester, organisert med fellestema og nokre utdjupande tema for leiarar.​

E-helse Vestland tok kontakt i vår og tilbydde seg å bli med på opplegget, for å gje innsikt i kva som skjer på e-helse området i vår region. Det er viktig at dei tilsette får god informasjon, slik at ein veit om nye tilbod og løysningar, då får pasientar og brukarar dei beste tenestane. Det er og ein god moglegheit for E-helse Vestland å knytte endå tettare kontakt med ressurspersonar ute i kommunane. Velferdsteknologiens ABC har blitt gjennmført tidlegare, men E-helse Vestland har i samarbeid med HVL gjennomført ein kompetansekartlegging i våre medlemskommunar, den har vist at det er eit stort behov for slike tiltak. 

Den nye versjonen følgjer same struktur som tidlegare, men alt innhald er nyutvikla av forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) og Universitetet i Søraust-Noreg (USN). UiA og USN har hatt ein samskapende prosess med Utviklingssenter for sjukeheim og hjemmetjenester (USHT) Agder aust, og dessutan representantar frå kommunar og Nasjonalt velferdsteknologiprogram.​ Helsedirektoratet ved Nasjonalt velferdsteknologiprogram finansierer opplæringspakka.

I Sogn og Fjordane vil kurset gå i haust:

  • 22. September Quality hotell Sogndal
  • 23. September Thon hotell Førde
  • 18. Oktober Nordfjord hotell

I Hordaland vil kurset ha oppstart etter jul.