USHT

Samarbeidsworkshop i regi av KS 30.9.21

Samarbeidsworkshop i regi av KS 30.9.21

Prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim og prosjektkoordinator Kjell Olav Bondevik deltok 30.9 på workshop arrangert av KS.

 

Målet for dagen var å få til eit strukturert samarbeid mellom digi nettverka, KS e-komp og e-Helse (NVP prosjeka) over heile landet. Dagen la grunnlag for eit godt og produktivt samarbeid mellom mange ulike organisasjonar. E-helse Vestland tok initiativ til å organisera ein eigen workshop mellom nettverka her i Vestland der ein søkar å få konkretisert rollefordeling, ansvarsavklaring og dessutan finna og avtala felles møtepunkt til vidare samarbeid.

Vi er sjølvsagt svært takksamme for at KS inviterer til slike dialogmøte. Om vi skal nå ambisjonen vår om å gjere vestland til ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgssektoren, så er det nødvendig at vi samarbeider på tvers mot eit felles mål. Slike møte hjelper oss til å skapa ein god dialog og det treng vi for å kunna utveksla erfaringar og kunnskap. 

 KS sentralt vil arrangera ny workshop for å følgja opp arbeidet i desember. Vi i e-helse Vestland sjår fram til eit fruktbart samarbeid på digitalisering og e-helse i Vestland framover

Fant du det du lette etter?