Velferdsteknologiens ABC, samarbeid med USHT frå heile Vestland

 8. April drog E-helse Vestland til Alrek i Bergen på samarbeidsmøte med USHT frå heile Vestland. Tema var velferdsteknologiens ABC.

E-helse Vestland vart spurt av USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Vestland (Hordaland) og USHT Helse Fonna, om å saman planleggje Velferdsteknologiens ABC. Ein sentral del av arbeidet hjå USHT er å drive spreiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar og i fjor kom det ut ein ny versjon av opplæringsprogrammet frå Helsedirektoratet. Saman med Høgskulen på Vestlandet har E-helse Vestland gjennomført ei spørjeundersøking for å få eit tydeleg bilde av kva slags kompetanse det er størst behov for i kommunane. Eit viktig bonusfunn frå spørjeundersøkinga var at mange ynskjer seg tilbode om kurs og samlingar, både for å få oppdatert kunnskap men og bli betre kjend med nye løysningar.

Leiarar og representantar få dei tre utviklingssentera og E-helse Vestland var samla ved Alrek Helseklynge i Bergen, for å diskutera korleis dette kan gjerast på best mogleg måte. Det var gode diskusjonar og nokre kreative arbeidsøkter for å kome fram til kva som er viktig å prioritera av kunnskap ut til kommunane. Det var og moglegheit for tjuvstart på påskegodt.