Forskning på samkonsultasjonar

Bilete frå samlinga - Klikk for stort bilete

Sunnfjord kommune er tildelt forprosjektmidlar frå Regionalt Forskningsfond Vestlandet på 500 000,- Tittelen på prosjektet er;  BEREKRAFTIGE HELSETENESTER - TRE-PARTS VIDEOKONSULTASJONAR PÅ BRUKARANE SINE PREMISSER  

Tre parts video konsultasjonar er helsetenester/ konsultasjonar som skjer i samtid mellom sjukehus, kommune og pasient/ pårørande.( samkonsultasjonar) I prosjektet skal ein sjå på korleis desse konsultasjonane fungerar, korleis bruken er, og kva nytte det har. Det er liten forskning  på slik praksis frå tidlegare. 

Til no har vi her i fylket fått i gang slike tenester;

•    Samkonsultasjonar/ 3 – parts video mellom sjukehus, kommune og pasient innan sårbehandling, og gjeld p.t Ullensvang, Kvinnherad og Stryn kommunar 
•    Samkonsultasjonar/ 3 – parts video mellom sjukehus, kommune og pasient innan psykiatri/ utskrivingar frå sjukehus,  og gjeld p.t alle kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane

I forprosjektet vil vi ha feltarbeid med fokusgruppeintervjuar med personell som har teke del i konsultasjonane, og sjå på evalueringskjema som er nytta. 

Det er Sunnfjord kommune som er prosjekteigar, medan Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforskning er forskningspartane. Leiar for Senter for omsorgsforsking Vest – Frode Fadnes Jacobsen v/ HVL er prosjektleiar. 

Prosjektet har oppstart april 23, medan sjølve feltarbeidet vil skje hausten 23, og rapport/ ferdigstilling 1 kvartal 24. 

I prosjektet vil vi ha samarbeid med fleire brukarorganisasjonar og helsefagutdanningar. 

Samkonsultasjoner er etterspurt og valgt ut som satsingsområde frå brukarsida. Nytteverdi både for brukar og tenestene vil difor ha stort fokus. Røynsle til no visar at pasientar og pårørande meldar om vesentleg spart reiseveg og tid til konsultasjoner, og kan på dette viset få til eit fullgodt alternativ til vanleg fysisk konsultasjon. 

rff program referat oppstarts møte 19 juni 2023 (PDF, 174 kB)
 

Artikkelliste

Kontakt

Per Waardal
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 92 84 75 77