Digitalt utanforskap

 

Oversikt over kommunar som får tilskot til å jobbe med å førebygge digitalt utanforskap via E-helse Vestland.

Deltakande kommunar 2020 – 2021

Aurland, Austrheim, Bjørnafjorden, Bremanger, Fedje, Gulen, Høyanger, Kinn, Kvam, Kvinnherad, Masfjorden, Samnanger, Solund, Sunnfjord, Ulvik, Vaksdal, Vik, Voss.

Deltakande kommunar 2021 - 2022

Austevoll, Austrheim, Bjørnafjorden, Bremanger, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Kvam, Kvinnherad, Luster, Masfjorden, Stad, Stryn, Vaksdal, Vik, Voss, Årdal

Prosjektleiar E-helse Vestland: Kari E. Bjørkheim
Prosjektkoordinator E-helse Vestland: Annette Eri Norevik

Periode: 2020-2024

Mål

  • Sikre at eldre i Vestland får nytte av tilgjengelig teknologi som kan avhjelpe einsemd og isolasjon.
  • Sikre at eldre i Vestland får tilstrekkelig kunnskap til å nytte seg av teknologien.

Bakgrunn

Noreg blir berre meir digitalisert. Dette skaper sjølvsagt nye spennande moglegheiter. Samtidig forandrar forventningane til kva befolkninga treng å kunna for å delta aktivt i samfunnet og det som trengs for å få tilgang på tenester og ytingar dei har rett på. Omkring 14 prosent av den norske befolkninga over 16 år er ikkje-digitale. Det er 600 000 menneske Problemet går på tvers av både alder og kjønn, men er særleg utfordrande for dei aller eldste.

I 2020 lyste Helsedirektoratet ut tilskot for å auke den digitale kompetansen hjå eldre med mål om at ein skulle redusere faren for einsemd hjå eldre under Covid-19. E-helse Vestland søkte på vegne av 33 kommunar, der 18 kommunar ynskte å starte opp eit tilbod for sine eldre. I 2021 lyste Helsedirektoratet ut nytt tilskot. 19 kommunar av i alt 34 kommunar i e- helse Vestland nytte seg av tilskotsordninga. Av dei 19 kommunane var det 12 kommunar som vidareførte prosjekt i frå 2020. Fem kommunar frå 2020 valte å ikkje søkje på nytt via E-helse Vestland, medan vi fekk med oss sju nye kommunar som ikkje var med på førre søknad.

Målgruppe

  • 2020-2022 -Eldre over 65 år.
  • 2022-2024 - Eldre og andre sårbare grupper.

Metode

Opplæringsaktivitet

Fleire av kommunane har valt ein opplæringsaktivitet der dei nyttar frivillige i opplæringa. Nokre stader har dei valt å lønne ein instruktør og nytte enten elevar frå ungdoms- eller vidaregåande skule eller andre datakyndige til assistentar for praktisk gjennomføring. Nokre av prosjekta har nytta seg av Datakurs for seniorar, som er eit opplæringsopplegg frå Seniornett Norge og Pensjonistforbundet. Andre kommunar har valt å frikjøpa ressursar på biblioteket, slik at brukarar kan oppsøke denne personen om dei treng hjelp til rettleiing i bruk, eller praktisk utføring av digitale tenester/opplæring.

Opplæringsarena

Arena for opplæring vert ofte lagt til bibliotek eller anna eigna forsamlingslokale. Fleire av kommunane har også tilbod om drop-in hjelp, enten på kommunehus eller på bibliotek.

Opplæringstema 

Grunnleggande IKT-opplæring som bruk av internett, lære å bruke sosiale media, sende og motta e-post, lese aviser på nett, sende meldingar via Messenger, helsenorge.no, videokonsultasjon med tenestene og ulike verktøy for å halde kontakt med familie og vener som videomøte, meldingar, sending av bilete.

Utstyr 

Val av utstyr har primært vore nettbrett, smarttelefonar, PC og Komp.

Erfaringar

Fleire av dei eldre ynskjer vidare opplæring. Tilpassa opplæring har vore viktig, det gir eit godt resultat. Fleire melder at opplæringa ikkje må være for intens og at ein variasjon mellom «kjedelig» og «morosamt» har vist seg å fungere bra. Det vert rapportert at det å lære opp eldre i bruk av digital videokommunikasjon har vore viktig for å kunne oppretthalde den sosiale kontakten med pårørande og venner. Det har og vore gjennomført praktisk opplæring i korleis ein skal kjøpe bussbillett via nett m.m. Dei fleste kommunane har hatt opplæring i bruk av helsenorge.no.
Fleire kommunar rapporterer at opplæringa i seg sjølv aukar brukarane sin sosiale kontakt. Fleire av dei har valt å setje fokus på at opplæringsarenaen skal være like mykje ein sosial aktivitet. Ein ser og ein ringverknad der eldre som har fått opplæring oppmodar andre til å møte på kurs.

Ein erfaring som er gjort, er at dei eldre som er meir trygge i bruken av teknologi, tilbyr å hjelpe dei som er mindre erfaren. Det kan være vanskeleg å nå ut til brukarar som står digitalt utanfor, då desse gruar seg for å vise eigen kompetanse. Fleire av kommunane har difor jobba med å gi god informasjon i forkant i fora, der dei eldre møtast. På denne måten har ein klart å nå ut til fleire av dei eldre. Fleire av kommunane har gjennomført kartlegging, nokon i form av brukarundersøkjingar,  i forkant, slik at dei kan ha ei betre målretta opplæring, tufta på det brukarane treng.