Velferdsteknologi til barn, unge og voksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetting

 

Involverte i rådgjevande gruppe:
NFU Vestland: Evy Utne Knutsen
Ungdomsrådet Helse Bergen: Ida Elisabeth Nordvik

Statped: Sølvi Ellefsen
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland: Charlotte Iversen
Fagforbundet seksjon kirke, kultur og oppvekst: Knut Remi Heimvik

Prosjektansvarleg i spydspisskommunane: Hildegunn Baravelli frå Alver, Sindre Lohne frå Austevoll,  Bjørn Ove Leirdal frå Luster, Arnhild Vethe frå Voss, Randi Kyrkjebø frå Fjaler, Margunn Lofthus frå Kvam, Turi Bruland frå Sunnfjord, Åshild Heggdal frå Stryn, Eva Rekkedal frå Ullensvang.

Prosjektleiar E-helse Vestland: Kari E. Bjørkheim

Prosjektkoordinator E-helse Vestland: Gro H. D. Løvik

Periode: 2021-2024

Mål

Frå Nasjonalt velferdsteknologiprogram

Det overordnede samfunnsmålet for perioden 2022-2024 er som følger:
Velferdsteknologi og digital hjemmeoppfølging bidrar til god helse og mestring i befolkningen og bærekraftig samfunnsutvikling. ​

Tiltak 2: Spredning av VFT til barn, unge og voksne med medfødte eller tidlig ervervede funksjonsnedsettelser
Barn, unge og voksne med medfødte eller tidlig ervervede funksjonsnedsettelser har behov for sammenhengende tjenester hele livet og på alle arenaer. Ved å komme tidlig inn, tenke nye helhetlige digitale løsninger og velferdsteknologi, vil gevinsten vi kun ser konturer av kunne hentes ut både for bruker selv, men også kommunen i form av spart tid og ressurser.

Bakgrunn

I 2015 starta Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP) ei utprøving av velferdsteknologi til barn og unge med nedsett funksjonsevne i 7 norske kommunar. I 2020 vart det laga ein rapport  Og frå 2021 skal desse erfaringane og kunnskapen spreiast og implementerast, slik at velferdsteknologiske løysingar skal kunne bli ein del av tenestetilbodet til barn og unge. Hausten 2021 vart målgruppa utvida, slik den nye satsinga vart velferdsteknologi til barn, unge og voksne med medfødte eller tidlig ervervede funksjonsnedsettelser.

Målgruppe

Barn, unge og voksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting.

Metode

E-helse Vestland er deltakar i Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP) og får prosessveiledning  derifrå. For å oppnå mål i NVP jobbar vi med:

  • Mobilisere til og etablere satsing på velferdsteknologi til målgruppa
  • Kartlegging av brukarbehov 
  • Kartlegging av genvinstar både for brukar og tenestene
  • Utvikle modellar for samhandling lokalt​ i kommunane, og etablering av ein heilskapleg tenestemodell
  • Samarbeid med aktuelle aktørar som brukarorganisasjonar, statlege organisasjonar, Statsforvaltar og spesialisthelsetenesta

 Veikart for tjenesteinnovasjon, Velferdsteknologiens ABC og Kvikkguider vert brukt som verktøy.

Erfaringar

Oppsummering av 2022

  • 8 spydspisskommunar som jobbar aktivt med satsinga.
  • Det vart etablert månadleg møteaktivitet for dei lokale prosjektansvarlege i spydspisskommunane.
  • Arbeidsgruppa har hatt månadlege møter for å bli informerte, få kompetanseheving på aktuelle områder og rådgje til prosjektet. 
  • Tenketanken har gjennomført 2 møter om våren og 2 hausten dette året. Tenketanken har blitt utvida med fleire kommunar i løpet av året. Aktivitet: kunnskapsformidling, erfaringsdeling, felles problemløysing, innspel til vidare arbeid.
  • Spydspisskommunane har brukt 2022 til å arbeide for å forankre og arbeide mot å etablere det tverretatlege samarbeidet som må til for å nå målet om heilskaplege velferdsteknologitenester til målgruppa. Ikkje minst er oppvekst og helse/omsorg viktige samarbeidspartar. Behova er varierande og komplekse, målgruppa er ikkje einsarta verken i diagnosar, alder eller hjelpebehov. Kommunane har difor erfart at det er behov for å gjere avgrensingar og ikkje gape over alt på ein gang. 
  • Arbeidsgruppa har avdekka eit behov for å arbeide med å løyse barrierer mellom velferdsteknologi mellom NAV hjelpemiddelsentral og kommunal IT-struktur. Det er starta eit arbeid mellom NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, IKT Nordhordland og E-helse Vestland for å løyse utfordringa. Erfaringa skal delast til nytte for andre. 
  • I samarbeid med VIS og NSCC vart det gjennomført leverandørpresentasjon i mars 2022. Dette har bidratt til at kommunane har fått innsikt i teknologiske muligheiter, noko dei har etterlyst. 
  • Gjennomført workshop: mars (fysisk), september (utsatt). Tema: tenestereise sett frå brukarsida.
  • Kommunane har jobba med  tre milepæler som er levert til Nasjonalt velferdsteknologiprogram: gevinstar. tverrsektorielt tenesteforløp og helhetlig tjenestemodell. Dette er ein del av verktøyet Veikart for tjenesteinnovasjon. Desse prosessane er viktige for å kartlegge behov og etablere tenesteforløp, og dannar grunnlaget for samanheng i tenestene og heilskapleg oppleving for brukar.
  • Identifiserte risikoer: avsatte ressurser personal- og tidsmessig, forankring tverrsektorielt og i alle nivå, avgrense eit komplekst område med mange muligheter, manglande oversikt teknologiske muligheiter og potensielle gevinstar. Riskoane vert prioriterte i arbeidet vidare.
  • Kommunane har tatt i bruk ulike teknologiar i mindre skala ut frå enkeltbehov hos barn/elevar og brukarar: samhandlingsverktøy, medisinpensere, sensorar, skulerobot, hjelpemiddel for oversikt, tid og struktur, spelteknologi for aktivisering, overgang frå papirbaserte til digitale løysingar. Behov er styrande, og teknologi vert valgt ut frå kva som gjev har nytteverdi (gevinst).
  • Enkelte kommunar er i gang med Velferdsteknologiens ABC og har deltakarar som jobbar i oppvekst og avdelingar i helse-/omosrgstenestene som omfattar denne målgruppa.
  • 01.12 vart det gjennomført digital inspirasjonsdag i regi av USHT-ene i Vestland og Fonna i samarbeid med E-helse Vestland. Denne vart godt mottatt og delt i heile landet.
  • E-helse Vestland har vore bidragsytar mot konferansen til MTEK som skulle arrangerast for første gang i Bergen 2022. Denne vart usett pga. for få deltakarar. 
  • Prosjektkoordinator i E-helse Vestland er tatt inn i ei nasjonal ressursgruppe, innan satsinga på målgruppa, som NVP har etablert seinhausten 2022. Dette for å bidra med erfaringar og for å vere med på den vidare utviklinga av NVP sitt program i denne satsinga. 
  • Presentasjon omkring AP5:  Presentasjon AP5 mål og satsing (PPTX, 22 MB)

Oppsummering av 2021

  • Gjennomført 2 workshop: juni (digital) og oktober (fysisk)​
  • Utsett ein workshop, samt arbeidsgruppesamlingar på slutten av året pga. smittetrykk og ressursomlegging i kommunane ​
  • Utfordring med at deltakarane i arbeidsgruppa vart flytta i ordinær drift og ikkje fekk jobba med prosjektet​
  • Alle dåverande deltakarkommunar har levert milepæl 1 til Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP) i juni 2021
  • Fleire kommunar har ikkje klart å levere milepæl 2 (september) og 3 (desember) til NVP pga. pandemitrykket
  • Fleire kommunar har ikkje klart å levere statusrapport for 3. og 4. kvartal pga. pandemitrykket
  • E-helse Vestland har levert samla statusrapport til NVP som avtalt i 3. og 4. kvartal 2021
  • Forankring: kommunane sine prosjekt har utspring i helse- og omsorgssektoren, og har jobbe med forankring i oppvekstsektoren. Få kommunar har til no lykkast med å etablert fast deltakar frå oppvekst i dei lokale arbeidsgruppene​
  • Fleire kommunar har jobba med å kartlegge tenesterreiser og å etablere tenester rundt allereie tildelte NAV-hjelpemiddel​
  • Teknologi som er tatt i bruk til målgruppa i kommunane er: NAV hjelpemiddel, elektronisk medisinseringsstøtte, dørsensor, Sampro, GPS som mobil tryggleiksalarm, GPS som kollegavarsling​
  • Ikkje tallfesta velferdsteknologi tatt i bruk i deltakarkommunane. Dette fordi NAV hjelpemiddel ikkje skal tellast med i statusrapportane til NVP (desse er registert i eige register). Samt at annan velferdsteknologi er blitt telt med i statusrapportar i «Trygghet og mestring»​-prosjekta
  • Barrierer: manglande forankring/satsing, manglar i tenestereisa, uidentifiserte behov, kommuneøkonomi, personellmangel, kompetansemangel, infrastruktur​
  • Gevinsteksempel: redusert behov for våken nattevakt, brukar sjølvhjulpen med medisin​
  • Erfaringane gjort i E-helse Vestland vert lytta til og tatt med i vidare planlegging hos Nasjonalt velferdsteknologiprogram​

 

Resultat

Gevinstrealiseringsrapport (oktober 2021)

E-helse Vestland vart i 2021 deltakarar i Nasjonalt velferdsteknologiprogram for barn unge og voksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting.  I E-helse Vestland er desse kommunane spydspisskommunar: Alver, Austevoll, Fjaler, Kvam, Luster, Stryn, Sunnfjord, Ullensvang og Voss herad. Nye kommunar vert tatt inn undervegs.

Å vere spydspisskommune betyr ei aktiv satsing på velferdsteknologi til målgruppa og med leveransar av status og milepæler til Nasjonalt velferdsteknologiprogram.

Vestlandsprosjektet som er del av E-helse Vestland har sidan 2019 hatt ein "Tenketank" som har laga ein sluttrapport. Tenketanken skal jobbe vidare med å ta i bruk velferdsteknologi i tenester til personar med utviklingshemming og kome saman for å dele erfaringar. Tenketanken skal òg fungere som referansegruppe i arbeidspakke 5. Sluttrapporten kan du lese her  (PDF, 245 kB)

Ressurssamling