Fagseminar lungefysioterapi

Kronisk lungesjuke har stor nytte av oppfølging frå fysioterapeut for å meistre plagsame symptom som slim og andenaud. Korleis kan vi følgje opp pasientane våre på ein betre og meir framtidsretta måte?

Pust Deg Bedre er eit digitalt verktøy som hjelper lungesjuke å utføre anerkjende pusteteknikkar for slimmobilisering, forankra i kunnskapsbasert praksis. Vi som fysioterapeutar kan bruke verktøyet for å styrke rettleiinga vår samt skreddarsy ein behandlingsplan ved hjelp av løysinga. Målet er auka kvalitet, meir effektiv behandling, behov for færre konsultasjoner og meir tilfredse pasientar som er rusta til å handtere symptom i kvardagen.

Å forebygge forverringar og infeksjonar krev eigeninnsats, og der vil Pust Deg Bedre vere fysioterapeutars forlenga arm for å skape kontinuitet i behandling utanom dei fysiske konsultasjonane. I tillegg kan ein bruke verktøyet for å oppdatere seg fagleg i ein travel klinisk kvardag. Pust Deg Bedre er difor eit praktisk og effektivt supplement, både for pasient og behandlar.

Målgruppe

Hovudmålgruppa for samlinga er fysioterapeutar frå primærhelsetenesta, både kommunal- og privat praksis. Andre er velkomne til å melde sin interesse til å stå på venteliste om vi får ledig plass til fleire. Påmeldinga er forpliktande og grunna venteliste ber vi om at fråfall vert varsla så tidleg som mogleg.

  • Tid: 08.02.23 kl. 1200 – 1530
  • Stad: Borgertun, 1. etasje, Alrek – (Årstadveien 17.)
  • Pris: Gratis

Program

På fagseminaret vil Pust Deg Bedre bli presentert, ein vil og få moglegheit til å gjere seg praktisk kjend med løysinga og få rettleiing til bruk gjennom praktiske oppgåver. Vidare er det lagt opp til deling av brukarerfaringar, både frå pasientar og fysioterapeutar. Vi vonar det blir gode faglege diskusjonar og moglegheit til å knytte kontaktar. Det er og satt av tid til ein gratis lunsj.

Seminaret krev ikkje erfaring eller høg kompetanse på lungefysioterapi som fag eller Pust deg Bedre som verktøy.

Påmelding er stengd.

Samlingen er eit resultat av et tett samarbeid mellom E-helse Vestland, Helse Førde og Helse Bergen.

Arrangementskomitéen ynskjer hjarteleg velkommen!

  • Helse Bergen: Bente Frisk, Katrine Mikkelson, Ina Rasmussen
  • Helse Førde: Elin Johnsen, Gro Rukan
  • E-helse Vestland: Per Waardahl, Kari Eidnes Bjørkheim
  • Haradsplass Diakonale sykehus: Tone Espeland


Ved spørsmål ta gjerne kontakt Elin Johnsen (Pust deg Bedre)

Kontakt

Per Waardal
Prosjektkoordinator
E-post
Mobil 92 84 75 77