USHT

Aktivitetar og møter

14. og 15. februar 2023 i Bergen, Thon Hotell Rosenkrantz

Målgruppe er dei som er involverte i e-helse Vestland sitt arbeid omkring digital heimeoppfølging, her under det arbeidet som er knytt opp til utprøving av samkonsultasjonar ( 3- parts video), og samarbeidspartnare.  Temaet for seminaret vil bli særleg retta mot bruk av eigabehandlingsplaner,  monitorering,  mottak og oppfølging.

Påmelding

Mini-metodevurderinga er utført av Sogndal kommune, i samarbeid med FHI. Den gjev ein vurdering av digital samkonsultasjon i allmenpsykiatriske tenester. Føremålet er å bidra til kunnskapsbaserte avgjersler ved innføring av nye tiltak i kommunane. 

I regi av E-helse Vestland har Sogndal og Årdal kommune starta eit prosjekt for å prøve ut digital samkonsultasjon ved Indre Sogn Psykiatrisenter (ISP) i Sogndal. Tiltaket gjeld samkonsultasjon mellom pasient, fastlege og spesialist.

Korleis nyttar vi digital heimeoppfølging  i praksis? Korleis vil digital samkonsultasjon hjelpe pasientar? Kva gevinstar er moglege for samfunnet? 15.-16. juni vart det ein workshop for å dele erfaring og utforske desse spørsmåla.

E-helse Vestland har i samarbeid med Stad kommune laga ei kort filmsnutt for å dele erfaringar om digital heimeoppfølging. Her får ein innblikk i kvifor kommunar satsar på digital heimeoppfølging for å kunne gje gode teneste i framtida, og korleis ein av tenestemottakarane opplev det nye tilbodet. 

Fant du det du lette etter?