Digital heimeoppfølging i Danmark

dekor - Klikk for stort bilete

Sunnfjord kommune / e-helse Vestland gjennomførte læringsopphald i Danmark, Nord Jylland, den 10-13. mai 2023 med støtte frå Erasmus+ mobilitetar tildelt av Vestland Fylkeskommune.

Gruppa bestod av 15 personar frå ulike kommunar, sjukehus, utdanningsinstitusjonar og brukarorganisasjonar. Temaet var  digital heimeoppfølging (DHO). DHO er eit prosjekt vi har gjennomført i regi av Helsedirektoratet. For å lære og samle erfaringar søkte vår region relevante internasjonale kontaktar.

Den mottakande organisasjonen var TeleCare Nord, eit samarbeid mellom dei 11 nordjyske kommunane og Region Nordjylland om telemedisinske helse-tilbod til innbyggjarane i Nordjylland. Nordjylland er ein region som har vore særs framoverlent på det danskane kallar for "telemedisin" - synonymt med DHO i norsk samanheng. TeleCare Nord er finansiert i fellesskap av dei nordjyske kommunane og Region Nordjylland. Organisatorisk er TeleCare Nord plassert under Digitalisering og IT i Region Nordjylland.

dekor - Klikk for stort bilete

I Nordjylland blir det levert eit "telekit" til innbyggjarane, slik at dei sjølve kan ta målingar og overføre viktig helseinformasjon til kommune, fastlege og sjukehus. Ved behov tar helsetenestene kontakt med pasient for oppfølging.

Bilete av innhald i telekit - Klikk for stort bilete

Telekittet inneheld eit blodtrykksapparat, oksygenmetningsmålar og ei vekt. I tillegg er det eit nettbrett med apper som får dei ulike apparata til å snakke saman. Vidare er det ulike oppfølgingsspørsmål som pasienten svarar ut med jamne mellomrom, avhengig av diagnose. Gjennom nettbrettet blir målingane sendt til helsepersonell. Det er også mogleg å skrive til og motta beskjedar frå helsepersonellet. Sidan 2015 har dei prøvd ut ulike tilnærmingar for å hjelpe pasientar med kroniske sjukdommar, i dag får pasientar med KOLS eller hjartesvikt utlevert slike telekit.

dekor - Klikk for stort bileteRepresentantar frå TeleCare Nord tok imot delegasjonen frå Vestland.

Den danske tilnærminga er veldig spennande, frå utprøvinga i pilotkommunar på DHO i Noreg i (2018-2021) viste evaluering at kronisk sjuke pasientar som fekk eit slikt tilbod kjende auka tryggleik og meistring av eigen sjukdom i tillegg til betre helse og livskvalitet. Dei same erfaringane hadde dei i Danmark, dei såg og at ein gjennom bruk av DHO fekk færre innleggingar på sjukehus.

Besøket handla om å få til ein felles utveksling og erfaringsdeling på digital heimeoppfølging. Nokre hovudtema var sett opp på førehand:

  • Samarbeid mellom ulike aktørar som sjukehus, kommunar og fastlegar.
  • Utforske konkrete døme på pasientoppfølging og gevinstar
  • Korleis utdanningane er innretta mot digital heimeoppfølging

Gjennom programmet var det gode høve for opne diskusjonar, refleksjon og kunnskapsdeling mellom dei norske og danske deltakarane. Målet var å dele erfaringar og innsikt på digital heimeoppfølging, som mogleg kan forme framtidige samarbeid og utvikling i begge regionane.

dekor - Klikk for stort bilete

Anders Horst Pedersen ynskte velkomen til samlinga. Han forklarte på overordna nivå korleis Telecare Nord er bygd opp som eit tverrsektorielt samarbeid på digital heimeoppfølging. Alle kommunar, sjukehus og fastlegar i region Nordjylland har eit samarbeidsrammeverk som går inn i strukturen «sundhedssamarbejdsutvalg». Denne strukturen har mange likheiter med det vi forstår som helsefellesskap i norsk kontekst. Ein sentral faktor er at Region Nordjylland tok hovudansvaret for å finansiere og drive utviklingsarbeid saman med kommunane. Telecare Nord er den operative delen av dette samarbeidet, som driv pilotering og implementeringsarbeidet mellom kommunar og sjukehus.

dekor - Klikk for stort bilete

Ria Høegh ga eit godt innblikk i historia som låg bak Telecare Nord og avgjerda om å satse på digital heimeoppfølging. Organisasjonen har som mål at uansett kommune, sjukehus eller lege, så skal alle KOLS og hjartesvikt pasientar som kan ha nytte av DHO, få tilbod om det. Vidare forklarte ho kva ulike føresetnader som må til for at ein skal klare å nå dette målet.

  • Sterkt tverrsektorielt samarbeid – vilje, tillit og gjennomsiktighet
  • Klare økonomiske rammer
  • Verdi for innbyggjar i sentrum
  • Innbyggjardriven utvikling
  • Felles styringsmodell

I dag er løysinga med «telekittet» berre retta mot pasientar med KOLS og hjartesvikt i region Nordjylland, denne tilnærminga skal no spre seg nasjonalt i Danmark. Framover ønskjer Telecare Nord å undersøkje korleis løysinga kan vere til nytte for andre pasientgrupper, til dømes diabetes eller personar med multisjukdommar.

dekor - Klikk for stort bilete

Mathias Brandhøj Sørensen er digitaliseringskonsulent i Region Nordjylland, han fortalde om korleis dei i digitaliseringsteamet har arbeidd med å understøtte digitalisering i psykiatrien ved å implementere digitale løysingar som til dømes konsultasjonar over video. Dei ser at videokonsultasjonar klart sparer ressursar, og at det for nokre pasientar er ein tydeleg fordel å kunne ta konsultasjonar heime. Vidare såg dei også at slike konsultasjonar ikkje gjev like stort utbyte som fysiske konsultasjonar. Mathias framheva nokre sentrale erfaringar frå deira arbeid:

  • Løysingar må utviklast saman med pasientar og pårørande
  • Ei universell løysing som skal fungere for alle, fungerer sjeldan for nokon.
  • Teknisk løysing og oppsett må vere enkelt og brukarvennleg
dekor - Klikk for stort bilete

Målet for samlinga var som nemnt å dela erfaringar på tvers, Claudio Mentuccia frå Ullensvang kommune og Kjersti Haugen frå Helse Fonna gav ei forklaring på pilotprosjekta som har blitt gjennomførte i Vestland på digital heimeoppfølging. Les meir her.

dekor - Klikk for stort bilete



Etter presentasjon av arbeidet på DHO i Vestland starta ein bolk der målet var å sjå på e-helse og DHO i eit utdanningsperspektiv. Henrik Riel frå University College Nordjylland (UCN) skildra korleis DHO og e-helse ikkje har eit sterkt fokus i noverande studieordningar, men at praksis i større grad rører seg mot bruk av e-helse løysingar. Dette var ein pågåande problemstilling, det var til dømes ingen krav om at studentar skulle meistre digitale løysingar eller e-helse verktøy. Vidare var det eit tydeleg ynskje om å nyttiggjere verktøy som AI og hjelpe studentar til fornuftig bruk.

dekor - Klikk for stort bilete

Lene Agasøster fortalde om korleis utdanningane i Noreg er retta mot digital heimeoppfølging, med fokus på dei vidaregåande skolane i Noreg. Til dømes kom det nye læreplanar i 2020, der teknologisk kompetanse er eit generelt læringsmål som del av alle fag. Vidare er etikk og teknologi eit kjærneelement som går gjennom alle fag på helse- og oppvekstfag. Særleg er det fokus på at elevane skal lære å bruke medisinsk utstyr, hjelpemiddel og teknologi som bidreg til at personar med hjelpebehov får betre livskvalitet, tryggleik og større høve til å klare seg på eiga hand. Vidare å bruke teknologi som skal betre og effektivisere tenestene i helse- og omsorgssektoren.

dekor - Klikk for stort bilete

Stine Hangaard er førsteamanuensis ved Aalborg Universitet og driv forsking på digital heimeoppfølging – ho fortalde om korleis dei gjennom eit forskingsprosjekt ser på effekten bruk av DHO har for pasientar med diabetes. Vidare om det er mogleg å samle inn data for å utvikle algoritmar. Målet er at desse algoritmene skal kunne bistå pasientar og helsepersonell med prediksjonar og doseringsrettleiing. Tanken er at ein på sikt kan inkludere slike algoritmar i DHO løysingar, det vil vere ein stor støtte i førebyggande arbeid.

dekor - Klikk for stort bilete

Daniel Simonsen frå Region Nordjylland fortalde om korleis «Sunhedssamarbeidjsudvalget» bestemte at helsevesenet framover skulle vere eit felles prosjekt mellom regionen og kommunar, til eit virtuelt sjukehus og helsevesen for alle innbyggjarane. Meir behandling skal skje i heimen og helsevesenet skal bli meir nært gjennom digitale løysingar. Her blir deling av data ein viktig nøkkel for å byggje bru mellom dei ulike sektorane.

dekor - Klikk for stort bilete

Katrina Spanner og Lone Mylund frå TeleCare Nord gav òg ei livedemonstrasjon av korleis telekittet fungerer i praksis, samt korleis kommunikasjon mellom pasient og helsepersonell ser ut inne i løysinga. I tillegg fekk vi høve til å sjå konkrete døme på korleis resultat av målingar ser ut for helsepersonell. Resultat av målingane er lagt opp til å følgje trafikk-lys modellen, slik at personell har triageringsmoglegheiter. Vidare peika dei på kor viktig god opplæring i bruk av teknologien var for innbyggjarane, dei hadde difor utarbeida undervisningsmateriale.

dekor - Klikk for stort bilete

Gjennom samlinga var det mange gode diskusjonar. Det leia inn i ein lengre dialog på slutten for å sjå kvar e-helseområdet rører seg i framtida, med særleg fokus på ulike løysingar, forløp og til dømes beslutningsstøtteverktøy dreve av kunstig intelligens.

 

Utbyte av læringsopphaldet

Vi vil takke Vestland Fylkeskommune for samarbeidet i førebuinga og gjennomføringa av læringsopphaldet. Det gjorde det mogleg for oss å samle oss i ein så stor gruppe og få til ein felles internasjonal referanse for vårt eige arbeid med digital heimeoppfølging. Deltakarane kom frå ulike kommunar, sjukehus, utdanningar og brukarorganisasjonar og hadde i utgangspunktet ulik kunnskap om feltet. Gjennom desse dagane blei vi kjende med kvarandre, fekk fagleg påfyll og kunnskap som vi på kvart vårt område kan vidareføre og utvikle her heime. Alle deltakarane vil på ein eller annan måte ha befatning med utvikling av digital heimeoppfølging, og vi vil sikre at den kunnskapen som her er opparbeida vil bli brukt i ulike arbeid framover.

Det har vore av vesentleg tyding at utdanningane og tenestene har vore saman på dette læringsopphaldet. Det er heilt naudsynt at utdanningane er tett kopla på praksisfeltet og kan få førstehands informasjon om nye arbeidsmåtar og nye måtar å gi helsetenester på.

Vi oppfatta og at våre danske kollegaer hadde stort utbyte av å ha besøk frå oss. Dei hadde gjort solide førebuingsarbeid, mobilisert mange medarbeidarar, hadde mange gode spørsmål og refleksjonar, og på den måten fekk vi til ein god dialog og aktivitet. Kontaktane vil vi halde ved like, og vi har invitert dei til Vestland om dei ynskjer det. Vi takkar for deira positive medverknad, og særleg til Anders som var vår kontaktperson i utforminga av program, tilrettelegginga av det praktiske og ein glimrande gjennomføring.

Presentasjoner TeleCare Nord
Tittel Publisert Type
Det nære esundhedsvæsen

10.07.2023 Filtype: pptx. Klikk for å laste ned 2023-05-12_eSundhedsvæsen - Helen.pptx
TCN Præsentation af uddannelsespakken til hjertesvigt

10.07.2023 Filtype: pptx. Klikk for å laste ned 2023-05-11 Vestlandet. TCN undervisning.pptx
digitalisering i Psykiatrien

10.07.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Oplæg for Vestlandet E-helse 11 maj 2023.pdf
Collaboration in telemedicine

10.07.2023 Filtype: pptx. Klikk for å laste ned TCN_MI_Telemedicine.pptx
e-Health og telemedicin i et uddannelsesperspektiv

10.07.2023 Filtype: pptx. Klikk for å laste ned UCNFys_telemedicin110523.pptx
TCN Nordjylland sin satsing på digital hjemmeoppfølging

10.07.2023 Filtype: pptx. Klikk for å laste ned Kopi av 2023-05-11 Vestlandet. TeleCare Nord generelt.pptx
TeleCare Nord generelt

10.07.2023 Filtype: pptx. Klikk for å laste ned 2023-05-11 Vestlandet. TeleCare Nord generelt.pptx
Tværsektorielt samarbejde om telemedicin

10.07.2023 Filtype: pptx. Klikk for å laste ned 2023-12-05 Studiebesøg e-helse Vestland - TCN samarbejde og governance.pptx