22.-23.2.22: Møte med forankringsgruppa, besøk på Eitri og Alrek

22-23. februar vart det fysisk møte i forankringsgruppa. E-helse Vestland var på besøk ved Alrek helseklynge og Eitri Medisinsk Inkubator. Der fikk vi moglegheit til å fortelje om prosjektet til helse og omsorgskomiteen frå stortinget.

 

Dag 1

E-helse Vestland har regelmessige møte med forankringsgruppa for å informere om fremgang og status i prosjektet, til alle dei ulike samarbeidspartane. Denne gongen vart vi samla fysisk i Bergen. Prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim informerte og om kva vi gjer for å sikre gode samarbeid med KS-ekomp og digi nettverka. 

 Frå venstre: Prosjektkoordinator i E-helse Vestland Annette Eri Norevik, Per Waardal, kommunalsjef frå Sunnfjord kommune Kirstin Bruland og prosjektkoordinator Kari Strøfringsdal   

 Frå venstre: Solrun Hauglum, Vaksdal kommune. Arve Ubøe Rohde, Karmøy kommune. Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking. Marta Strandos, USHT Vestland (SogF). Siv Bjønnum, USHT Vestland (Hordaland). Hans Johan Breidablikk, Pensjonistforbundet. Gro Kalvenes, Austevoll kommune  

Vidare var det ei grundig gjennomgang av alle dei 6 arbeidspakkane frå prosjektkoordinatorane. Prosjektet er stort og det krevjer litt å halde oversikt, derfor er det i møta svært lav terskel for å kome med innspel og spørsmål. Det startar ofte gode diskusjonar for vidare arbeid.

E-helse Vestland fekk moglegheit til å besøke Eitri medisinske inkubator, som ligg oppe ved Haukeland. Der møtte vi helse og omsorgskomiteen frå stortinget og Kari presenterte kort kva vi jobbar med og korleis vi tenkjer ein må gjer for å nyttiggjere løysningar og teknologi, både idag og i framtida.

Frå Venstre: Kari Eidnes Bjørkheim, Hans Inge Myrvold (SP) og Marian Hussein (SV)     

Torleif Markussen Lunde (Eitri) og Tone Skår (Norwegian Smart Care Cluster)    

Dag to

Heile forankringsgruppa drog på besøk hos Alrek helseklynge. Der fekk vi sjå og høyre frå Grete Oline Hole om korleis dei jobbar for å teste teknologiske løysingar, blant anna ved å sette opp eigne tilpassa rom for ulike type pasientar og brukarar. Utruleg spennande å høyre korleis dei nyttar kunnskap både til utdanningane men og for å lage treningsscenario for dei som allereie jobbar i tenestane.

Grete Oline Hole, HVL  

   

Sjå fleire bilde her: