Involverte
Representantar frå kommunar
Representantar frå sjukehus
Representantar frå fastlegane
Representantar frå brukarorganisasjonar
Representar frå utdanningar og forskning
Representantar frå fagorganisasjonar
Helseforetak: Helse Fonna, Helse Førde
IKT miljø: Helse Vest IKT, SYS IKT
InnoMed
Tema: Helsetenester med digital heimeoppfølging
Prosjektleiar E-helse Vestland: Kari E. Bjørkheim
Prosjektkoordinator: Per Waardal
Periode: 2021- 2025
Sunnfjord kommune administrerer og gjennomfører eit av dei 16 nasjonale prosjekta som tek del i det nasjonale programmet for spreiing av digital heimeoppfølging. Programmet er initiert og delvis finansiert frå Helsedirektoratet. InnoMed gir prosessrettleiing til utviklingsarbeidet.
Det er ei nasjonal satsing som ligg til grunn. Programmet skal bidra til at kommunar, medrekna fastlegar, i samarbeid med helseføretak skal ta i bruk digital heimeoppfølging. Dette for å sikre eit godt tenestetilbod for kronisk sjuke og betre ressursutnytting på tvers av tenestenivå og sektorar. Målgruppa er pasientar med vesentleg behov for koordinering på tvers av sektorar og er knytt til auka meistring, pasientoppleving og ressursbruk. I utprøvinga har det hovudsakeleg vore pasientar med KOLS, diabetes, hjartesvikt, psykiske lidingar og kreft, men siktemålet er at fleire pasientgrupper skal få nytte godt av dette tilbodet.
Digital heimeoppfølging skal bidra til heilskaplege og samanhengande tenester. Videre skal det bidra til auka meistring og sjølvstende for brukaren, tidleg oppdaging av forverring, betre helse, lågare ressursbruk for tenestene og gjere helse- og omsorgstenestene betre istand til å møte morgondagens behov.
Sunnfjord kommune har søkt tilskotsmidlar og deltaking i det nasjonale prosjektet på vegne av 34 kommunar i Vestland ( e- helse Vestland). Satsinga til no har vore konsentrert til spesifikke kommunar. Intensjonen er at alle kommunar etterkvart skal få del i satsinga.
• Til no har vi her lokalt fått i gang slike tenester;
• Samkonsultasjonar/ 3 – parts video mellom sjukehus, kommune og pasient innan sårbehandling, og gjeld p.t Ullensvang, Kvinnherad og Stryn kommunar
• Samkonsultasjonar/ 3 – parts video mellom sjukehus, kommune og pasient innan psykiatri/ utskrivingar frå sjukehus, og gjeld p.t alle kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane
Det er knytt forsking til desse tenestene, med støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet.
Den vidare satsinga går no på å få til bruk av eigarapporterte data, bruk av eigarbehandlingsplanar, sending/ mottak av data og helseoppfølging digitalt. Satsinga vil i første omgang bli knytt til dei same kommunane som er i gang med samkonsultasjonar, for deretter å bli utvida til andre kommunar. Ut frå brukarønske og kartlegging i tenestene, er det peikt ut slike område;
• Sunnfjord/Sogndal/ Luster/ Stryn kommunar; digital heimeoppfølging gjennom frisklivssentralene
• Ullensvang/ Kvinnherad; digital heimeoppfølging til pasientar med KOLS og diabetes
Under sidene med møter/ aktivitetar og status/framgang gir vi meir detaljert greie for utviklinga i dei einskilde områda, og korleis arbeida er organisert.
Link til Helsedirektoratet si satsing;
www.helsedirektoratet.no/tema/digital-hjemmeoppfolging-hjemmesykehus-og-velferdsteknologi/digital-hjemmeoppfolging
Ressurssamling