Spreiingsseminar om digital heimeoppfølging
13.februar 2024, Region Nordhordland Helsehus, Knarvik
Sunnfjord og Masfjorden kommunar har nasjonale oppdrag frå Helsedirektoratet for spreiing av digital heimeoppfølging Digital hjemmeoppfølging - Helsedirektoratet. Begge desse prosjekta inngår som del av porteføljen til DigiVestland.
Spreiingsprogrammet til Helsedirektoratet femnar om i alt 17 prosjekt, der Sunnfjord og Masfjorden er to av dei. Begge desse prosjekta administrer prosjekt som skjer i fleire andre kommunar og med sjukehus i nedslagsfeltet. Utdanningane, fleire brukarorganisasjonar og forskingsmiljø er samarbeidspartnarar i spreiingsprosjekta.
Som ledd i spreiingsarbeidet inviterer vi no til eit fagseminar om temaet digital heimeoppfølging.
Målgruppa er både dei som er involverte i igangverande arbeider omkring heimeoppfølging, men og andre kommunar/sjukehus, andre samarbeidspartnarar som har interesse av å vere med i denne utviklinga.
Vi vil i den første bolken ha nokre overordna innlegg, legge fram status og planar for våre arbeider her lokalt, ha ein gjennomgang av nasjonale føringar, vise korleis utdanningar/ brukarorganisasjonar og næringsliv er kopla på, og tema om aktuell forsking på feltet.
I den andre bolken skal vi ha fokus på korleis digital heimeoppfølging er organisert og fungerer i forhold til brukar/ pasient og tenestene. Vi skal få døme frå praksis andre stader. Gevinst for brukar og tenestene vil bli vektlagt i alle innlegg.
Sentrale aktørar som Helsedirektorat, Folkehelseinstituttet, InnoMed og Nasjonalt senter for e- helse forsking er og inviterte.
Invitasjonen går til;
- Arbeidsgruppe Helse Førde/ kommunar i nedslagsfeltet
- Arbeidsgruppe Helse Fonna/ kommunar i nedslagsfeltet
- Arbeidsgruppe Region Nordhordland/ kommunar i nedslagsfeltet
- Andre kommunar i Vestland fylke
- Andre samarbeidande kommunar i Haugalandsområdet/ Rogaland
- Helseforetaka i vest
- Vestlandsforskning
- Høgskulen på Vestlandet
- Helse Vest
- Samarbeidande IKT instansar
- Brukarorganisasjonar
- Fylkeskommunen, vg skular/ nettverkskoordinatorar
- Fagskulen Vestland
- Samarbeidande prosjekt
- Statsforvaltaren
- KS nettverk
Om du ser at andre kollegar kan vere aktuelle deltakar, så vennleg send invitasjonen vidare.
Praktisk info;
Seminaret vil gå over ein heil dag med et fullspekka og interessant program. Deltaking på seminaret vil vere gratis. Dei som er involvert i pågåande aktivitetar i Sunnfjordprosjekta vil pga. avstand til møte få dekka reise og opphaldsutgifter. Andre må sjølve dekke reise/ opphald.
Stad: Region Norhordland Helsehus i Knarvik Region Nordhordland Helsehus IKS - Region Nordhordland.
Dato og tid: 13. februar, kl. 09.30-16.00
Evt. overnatting: Vi har reservert overnatting på Clarion Admiral hotell i Bergen for dei som treng overnatting i forkant av seminardagen, til ein pris på 1390 (einskild rom). Bruk denne lenkja for bestilling av overnatting; https://app.mews.com/distributor/c3a2584c-b8d0-40e6-8b68-b08f00985bb9?mewsAvailabilityBlockId=82bf0c8d-1813-43ea-8a1f-b0bd00e04605.
Det går hurtigbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen kl. 08.22, ankomst Knarvik kai kl. 08.44. Skyttelbuss frå kai til Knarvik skysstasjon kl 08.55 – gangavstand til Region Nordhordland Helsehus.
Retur buss www.skyss.no.
Påmelding: Påmelding må skje på eige skjema, bruk denne lenkja: Påmelding her
Det er maks. 120 plassar på fysisk samling. Vi ber om påmelding innan 10. januar 2024.
For evt. spørsmål eller avklaringar, ta kontakt med ein av oss;
Per Waardal, mob.92847588 per.waardal@sunnfjord.kommune.no
Anita Bjørsvik Kvamme, mob.92284767 anita.kvamme@regionnordhordland.no
Kathrin Omland, mob.91849142 kathrin.omland@regionnordhordland.no
Program;
Første bolken - oversikt digital heimeoppfølging nasjonalt og lokalt
09.30 | Opning v/ lokale krefter |
09.40 | Status for digital heimeoppfølging nasjonalt v/ Helsedirektoratet |
10.00 | Pågåande arbeid lokalt i kommunane, herunder brukarinnlegg. Masfjorden og Sunnfjord med samarbeidande kommunar og sjukehus legg fram sine satsingar. Folkehelseinstituttet supplerer med informasjon om gjennomført mini metode vurderingar. |
11.00 | Pause |
11.15 | Status pågåande arbeid i sjukehusa / Helse Vest |
11.45 | Forsking på feltet lokalt – informasjon om to pågåande Forprosjekter v/ Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet |
12.15 | LUNSJ |
| |
Andre bolken - korleis er digital heimeoppfølging organisert og tilrettelagt
13.00 | Danske kollegar fortel korleis digital heimeoppfølging er tilrettelagt og i drift i Aalborg / Region Nord |
13.45 | Bruk av behandlingsplanar og eigarapporterte data v/ innleiar vert lagt til |
13.30 | Pause |
14.00 | Oppfølgingstenester og responstenester. Oversikt over ulike modeller. v/ Linda Cecilie Grøndal-Eeles, Universitetet i Sørøst-Norge |
15.00 | Korleis sende og formidle data relatert til digital heimeoppfølging, og korleis tilpasse digital heimeoppfølging til drift? Status og skissering av «landskapet». v/ Norsk helsenett |
15.45 | Oppsummering og vegen vidare |
16.00 | Vel heim |
| |