Status og fremgang

Arbeidet med digital heimeoppfølging følger premisser og føringar frå Helsedirektoratet, jfr øyremerkte tilskot til Sunnfjord kommune. InnoMed gir prosessrettleiing og bidrar til framgang og gjennomføring. 

Sunnfjord kommune er vertskommune for dette prosjektet , men aktiviteten blir  i stor grad utført i samarbeid med andre kommunar i fylket. 
Arbeidet med digital heimeoppfølging har utgangspunkt i tidlegare utprøvingar, der m.a Stad kommune var ein av pilotkommunane. Stad kommune har no etablert praksis med digital heimeoppfølging som ordinær teneste. Kommunen har gitt oss bistand og råd i vidare spreiing til andre kommunar. 

Digital heimeoppfølging inneber at heile eller deler av eit behandlingstilbod skjer utan fysisk kontakt, der dialog og deling av data mellom pasient/brukar og behandler(e) skjer digitalt. Det er føreset eit strukturert samarbeid mellom sjukehus og kommunar for å dette til. 


I første fase av arbeidet med digital heimeoppfølging har vi utvikla praksis med samkonsultasjonar  (3 – parts video mellom sjukehus, kommune og pasient. Det pågår no arbeid for å få til digital heimeoppfølging i form av eigarapporterte data, eigabehandlingsplanar, sending/ mottak av data og helseoppfølging. Siktemålet er at pasienten skal i større grad skal få innsikt i eiga helse, tidleg oppdaging av forverring og sikre tidligare iverksetting av tiltak.  
Satsinga her i vest er organisert  ut frå to sjukehusområde og eit utval av kommunar i første omgang. Dei arbeidar med ulike område  for digital heimeoppfølging, og med ulike pasientgrupper. i regi Masfjorden kommune er det eit tilsvarende prosjekt i gang. Vi gir her eit oversyn kor dei ulike delprosjekta står; 

Ullensvang og Kvinnherad kommune / Helse Fonna

I første fase av digital heimeoppfølging har dei hatt fokus på å utvikle og gjennomføre videokonsultasjoner/ samkonsultasjoner. Det har vore knytt  opp til sårbehandling i samarbeid mellom Helse Fonna og kommunane, og det er tatt i bruk hodekamera for å auke kvaliteten på konsultasjonane.  I neste fase av digital heimeoppfølging er det fokus på digital oppfølging i form av målingar av pasientdata,  eigarapporterte data, mottak og respons. Kommunane har etter ei samla vurdering kome til at dei ønsker å få dette til for pasientar med KOLS og diabetes i første omgang. Det pågår no vurderingar av korleis ein skal organisere og tilrettelegge for slik praksis. Desse vurderingane skjer i samarbeid mellom fagfolk  i kommunane, sjukehus og brukarrepresentantar. InnoMed gir støtte og rettleiing til prosjektet. Det er planlagt ei samling for dei involverte fagfolka 5 sept, der ein skal gjennomgå ulike sider ved gjennomføringa. Siktemålet er å starte opp med å tilby digital oppfølging for nokon pasientar i løpet av hausten 23.

Video frå opplæringsdag i Ullensvang 

Prosjektet har vore omtalt i Hardanger Folkeblad

Presentasjon Ullensvang og Helse Fonna DHO (PDF, 2 MB)

Referat frå møter i arbeidsgrupper:

Referat fra møte med Helse Fonna og Ullens Kvinnh 20. mai 22 (DOCX, 22 kB)

Referat fra møte med Helse Fonna 25. april 22 (DOCX, 18 kB)

Referat fra møte med Helse Fonna 7. april 22 (DOCX, 18 kB)

Referat fra møte med Helse Fonna mars 22 (DOCX, 18 kB)

Referat fra møte med Helse Fonna og Ullensvang aug 22 (DOCX, 21 kB)

Referat fra møte med Helse Fonna, Ullensvang og Kvinnherad 7. okt 22 (DOCX, 21 kB)

Referat fra møte med Helse Fonna, Ullensvang og Kvinnherad 21. okt 22 (DOCX, 20 kB)

Kommunar i  Helse Førde nedslagsfeltet 

Det er no etablert praksis om samkonsultasjoner i alle kommunar i nedlagsfeltet. Dette har vor eit første steg  på vegen mot digital heimeoppfølging, og er knytt opp til utskrivingsamtaler innen psyksisk helsevern. 

Det blir no sett i gang ei praksis  der ein kan få digital heimeoppfølging gjennom Frisklivsentralar

Gjennom arbeid med innsikt i kommunane såg ein behov for å kunne vidareutvikle tenestetilbodet i Frisklivsentralen. Dette er bakgrunnen for at Sogndal, Luster og Stryn kommune skal i gang med å teste ut digital heimeoppfølging som kommunikasjonsplattform for personar ved Frisklivsentralen. Frisklivsentralen er ei helsefremjande og førebyggande kommunal helseteneste. Målgruppa er personar med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, og om treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.

Føremålet med piloten er å få kunnskap og erfaring med å teste ut digital heimeoppfølging som eit verktøy for å førebygge funksjonsfall for personar med livsstilsjukdommar. Målgruppa er personar med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, og som treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.

 

 

Innomed har bistått prosjektet med å kartlegge dagens teneste. Ved å kartlegge dagens pasientforløp, både med og utan digital heimeoppfølging, fekk prosjektet oversyn på tenesta på tvers av alle aktørar som til saman er involvert i tenesta. Kartlegginga av forløpet med bruk av digital heimeoppfølging tydeleggjer området der løysinga blei innført i pasientforløpet.

Forløp utan bruk av digital heimeoppfølging:

 

 

Forløp med bruk av digital heimeoppfølging:

Ved bruk av digital heimeoppfølging kan frisklivsrettleiarane gi deltakarane ansvar for eiga rettleiing og skape ein større tryggleik ved at dei kan fange opp deltakaren tidlegare. Ved at oppgåver og informasjon er tilgjengeleg digital, kan det være enklare for deltakaren å gjennomføre opplegget etter at fysisk oppfølging er ferdig.

Det er planlagt oppstart med pilotering i september/oktober. Kommunane har avtale med leverandør (Dignio) som sikrar ein trygg kommunikasjonsplattform med deltakarane. Dei skal følgjast via ein app som blir lasta ned på mobil eller nettbrett. Plattforma gjer det mogleg med meir strukturert oppfølging med utgangspunkt i den enkelte sine ynskjer for livstilendring, bland anna knytt til fysisk aktivitet og kostholdsrettleiing.

Omtalar; 

Presentasjon Sogndal og Helse Førde DHO (PDF, 442 kB)

Arbeidet har vore omtalt av Sogndal Kommune og i Sogn Avis

Arbeidet i Stryn har vore omtalt av Fjordingen Avis

Referat frå møter i arbeidsgrupper:

Referat frå møte med Helse Førde og Sogndal 24 mai 22 (DOCX, 20 kB)

Referat frå møte med Helse Førde mai 22 (DOCX, 20 kB)

Referat frå møte med Helse Førde April 22 (DOCX, 19 kB)

Referat frå møte med Helse Førde mars 22 (DOCX, 18 kB)

Referat frå arbeidsgruppemøte August 22 (PDF, 227 kB)

Referat frå møte Helse Førde og Sogndal 13. september 22 (DOCX, 19 kB)​​​​​​

Referat frå informasjonsmøte E-helse Vestland og Årdal kommune 19. september 22 (DOCX, 18 kB)

Referat frå møte med Helse Førde og Årdal kommune 21. Oktober 22 (DOCX, 19 kB)

Referat frå møte Helse Førde, Sogndal og Årdal kommune 28. Oktober 22 (DOCX, 18 kB)