Møte med Kommunal- og forvaltningskommitèen 9. april

9. april fekk vi mulighet for å presentere prosjektet E-helse Vestland til Kommunal- og forvaltningskommitèen.

Bilde av ein PC-skjerm med 6 mennesker som deltar på videomøte - Klikk for stort bilete Kari E. Bjørkheim  Prosjektleiar informerte om prosjektet, utfordringar og kva som må på plass for at vi skal nå målsetjinga til prosjektet

E-helse Vestland er ein paraplyorganisasjon der vi samarbeider om å etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenestene. Kommitèen var svært interessert i prosjektet og dei viktige problemstillingane som vi løfta. Spesielt var dei opptatt av og ville ha meir informasjon om småkommuneproblematikk, arbeid med kompetanseutvikling og tilhøvet til Digitaliseringsdirektoratet sitt arbeid.

Frå prosjektet deltok Ivar Petter Grøtte, Kirstin Bruland og Kari Eidnes Bjørkheim. 

Kontakt

Kari Eidnes Bjørkheim
Prosjektleiar
E-post
Mobil 97 56 20 26