Workshop - rådgjevande gruppe AP5

Bilete av representant frå Statped og prosjektleiar i satsinga AP5 - Klikk for stort bilete

Rådgjevande gruppe for satsinga velferdsteknologi til barn, unge og vaksne med medfødd eller tidleg ervarva funksjonsnedsetting samla seg i Bergen i februar for å dele erfaringar, skape gode diskusjonar og jobbe i lag.

Dette var rådgjevande gruppe sitt første arrangement samla fysisk. Grunna pandemien har møta som starta våren 2021 føregått digitalt.

Rådgjevande gruppe:

  • NFU Vestland
  • Ungdomsrådet Helse Bergen
  • NAV Hjelpemiddelsentral Vestland
  • Spydspisskommunane, prosjektansvarlege
  • Statped
  • Fagforbundet Vestland, Yrkessekjon kyrkje, kultur og oppvekst
  • E-helse Vestland: prosjektkoordinator og prosjektleiar/annan prosjektkoordinator

Tryggleikstandard er delt inn i seks tema:

1. Leiing

2. Struktur og prosess

3. Kompetanse

4. Personsentrert omsorg

5. Tenesteyting

6. Innovasjon og teknologi

 

Mange i gruppa har jobba og hatt dialog over skjerm, det er praktisk, men ein blir ikkje så godt kjent med kvarandre. I tilegg var det fleire aktørar som deltok på samlinga, som ikkje er faste deltakarar i den rådgjevandre gruppa. Til dømes frå KS, Norges Blinderforbund og Habiliterings­avdelinga for vaksne (Helse Bergen). Det vart derfor gjennomført ein uformell bli kjent- aktivitet. Terskelen for å bidra blir senka betydeleg, og det virka positivt i vidare samtalar og gruppearbeid denne dagen.

Bilete frå bli kjent aktivitet - Klikk for stort bilete

Innlegg

Først del av workshoppen var det fleire innlegg, først ut var Sølvi Ellefsen frå Statped. Ho fortalde om korleis Statped jobbar for at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov kan vere aktive deltakarar i utdanning, arbeid og samfunnsliv på lik line med andre. Dei har no særleg fokus på tverrfagleg samarbeid, Ellefsen fortalde om kor viktig laget rundt barnet er, og at dette laget må jobbe heilhetlig. Dei har laga ein film om kor viktig slikt samarbeid er og kva det betyr for både barnet og pårørande. En film om samarbeid (Statped)

Bilde av deltakarane som ser på presentasjon frå Statped - tittel er laget rundt barnet - Klikk for stort bilete

 

På neste innlegg var tema universell utforming. Lise  Bakkan og Steinar Stjerna frå Norges blindeforbundet fortalde om kor viktig universell utforming er for dei. Ein ting dei trakk fram er sjølvsagt kor tilgjengelig helserelaterte tenester er på nett, men det er berre ein liten brikke i kvardagen. I eit digitalisert samfunn som Noreg blir det og praktiske oppgåver som å betale rekningar, oppsøke informasjon og handle fort problematisk om ting ikkje tilgjengeleg. Dei fortalde om utfordringar med ulike plattformar, til dømes er det store skilnadar mellom ulike operativsystem på mobile enhetar og endå mer utfordrande i enkeltståande applikasjonar.

Samstundes gav dei ein praktisk demonstrasjon på korleis ein med synstap eller synsreduksjon kan nytte skjermavlesning for å orientere seg og på ulike nettstader. 

Lise og Steinar frå Norges Blindeforbund med praktisk demonstrasjon av universell utforming - Klikk for stort bilete

 

Tredje innlegg var frå Per Waardahl, prosjektkoordinator i E-helse Vestland. Han fortalde om korleis brukarrepresentantar og brukarmedverknad har ein sentral rolle i prosjektet. Det å få perspektiv frå brukarsida tidleg inn på ulike nivå er utruleg nyttig i arbeidet.

Bilde av Per Waardahl - Klikk for stort biletePer Waardahl (venstre)

 

Siste innlegg var frå Else K. Tobiassen frå KS. Ho er rådgjevar i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet for satsinga på barn, unge og vaksne. Tobiassen fortalde kort om det nasjonale programmet og kvifor velferdsteknologi er særleg viktig for denne målgruppa. Vidare om korleis brukarmedverknad må vere ein sentral del av arbeidet, ikkje berre fordi det er ein lovfesta rett, men òg fordi ein får betre og meir tilpassa tenester ved å involvere brukarane. Dette blei og sett i kontekst av den nye rettleiaren frå HDIR: "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming" og konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Bilete av Else - Klikk for stort bilete

I 2022 samarbeida E-helse Vestland med USHT for å arrangere ein digital inspirasjonsdag om velferdsteknologi for personar med utviklingshemming som ein del av arbeidet med å gjere rettleiaren kjend. Du finn meir informasjon og kan sjå opptak på USHT sine heimesider

Gruppearbeid

Det var planlagt to gruppearbeid; universell utforming og reell brukarmedverknad, men dette vart gjennomført som eit gruppearbeid. I innlegg og plenumssamtalar i løpet av dagen kom det tydeleg fram at reell brukarmedverknad er ein føresetnad for universell utforming. Og saman med dette kjem utfordringa med digitalt utanforskap i kjølvatnet av digitalisering av tenester og samfunn. Det er eit behov for at desse områda må gå som ein raud tråd i arbeid med velferdsteknologi og e-helse.

Bilete frå gruppearbeid - Klikk for stort bilete

Tusen takk for aktive og engasjert deltaking, og at deltakarane bidrog til at dette vart ein lærerik og inspirerande dag.

Fleire bilete frå dagen: