Mini-metodevurdering: Digital samkonsultasjon

Mini-metodevurderinga er utført av Sogndal kommune, i samarbeid med FHI. Den gjev ein vurdering av digital samkonsultasjon i allmenpsykiatriske tenester. Føremålet er å bidra til kunnskapsbaserte avgjersler ved innføring av nye tiltak i kommunane. 

Kva er mini-metodevurdering?
Mini–metodevurdering blir tradisjonelt nytta som ein kunnskapsbasert avgjerdsstøtte for sjukehus ved innføring av nye metodarFHI har og eit oppdrag om metodevrudering for kommunar, særleg er det viktig å leggje til rette for gode metodevurdering når tenester blir flytta heim.
Mini-metodevurderinga er knytt til prosjektet digital samkonsultasjon, eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal kommune E-helse Vestland og Helse Førde, meir om det her.  Vurderinga er no publisert i ein nasjonal database til bruk for kommunar, slik at dei kan ta kunnskapsbaserte val. Heile dokumentet er publisert av FHI og ligg tilgjengeleg på minimetodevurdering.no
 
Nokre av fordelane som blir trukke fram er:

For Pasientar:

  • Rask og rett hjelp på riktig nivå
  • Betre pasientoppleving

For pårørande:

  • Redusere belastninga for pasienten og pårørende med lang reiseveg.

For kommunen:

  • Gje innbyggarane i Sogn betre helsetilbod og bringe spesialisthelsetenesta nærmare der pasientane bur.
  • Grøn helse – mindre transport av pasientar, reduserte kostander og miljøavtrykk
Som bakgrunn for vurderinga ligg og ein forskingsomtale frå FHI og Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest.