Workshop AP2 - Digital heimeoppfølging 15-16.6.22

Per Waardal - prosjektkoordinator E-helse VestlandKorleis nyttar vi digital heimeoppfølging  i praksis? Korleis vil digital samkonsultasjon hjelpe pasientar? Kva gevinstar er moglege for samfunnet? 15.-16. juni vart det ein workshop for å dele erfaring og utforske desse spørsmåla.

I regi av E-helse Vetland vart det arrangert ein workshop om digital heimeoppfølging i Bergen, tema denne gong vart digital samkonsultasjon. Digital samkonsultasjon handlar om trepartsmøte, mellom pasient, kommune og spesialisthelsetenesta. Det er ei satsing vi har stor tru på, fordi det har svært stor nytte for pasient og samfunn. Pasient kan få ein raskare vurdering og kjem til rett behandlingsnivå frå start. Samfunnet får meir effektiv bruk av ressursar. Sjølvsagt vil det også være svært positivt for mange pasientar å sleppe lang reiseveg, det er ein særleg utfordring her på Vestlandet. Difor har vi no to pilotprosjekt i gong, eit i Sogndal og eit i Ullensvang, meir om dei seinare.

Workshoppen hadde svært godt oppmøte – med deltakarar frå kommune, fylkeskommune, helseforetak, spesialisthelsetenesta, brukarorganisasjonar, InnoMed og Høgskulen på Vestlandet. I tillegg deltok Norwegian Smart Care Cluster og nokon av dei viktige utstyr- og løysningsleverandørane.

Dag Ein

Dag ein starta med at vi fekk høyre frå erfaringskonsulent Jonny Gjerde frå Luster kommune om kvifor det var klokt val å satse på samkonsultasjonar og kva slags verdi det kan ha for dei som mottek teneste. 

Neste innlegg var frå Helse Førde med Sogndal Kommune, dei jobbar med eit av pilotprosjekta. Jan Ove Tryti er tenesteleiar for legetenester i Sogndal og han fortalde om korleis psykiatriske akuttvurderingar kan bli betre med videokonsultasjonar. Eit sentralt aspekt han trakk frem var at om ein pasient ikkje får ein vurdering tidleg frå riktig instans så må dei transporterast til akuttposten i Førde – det er kostbart for samfunnet og er heller ikkje det beste for pasient. Samtidig er det ein plass på akuttposten som no er fylt opp. Ved å nytte digital samkonsultasjon kan ein skape ein mykje betre praksis.

 

Ullensvang kommune ved Claudio Mentuccia og Helse Fonna, ved Reidun Rasmussen Mjør fortalde om pilotprosjektet med digital samkonsultasjon og sårbehandling. Sårpoliklinikken i Helse Fonna ligg på Stord – og er ein då frå Odda i Ullensvang kan det bli meir en seks timer køyring for ein kjapp konsultasjon på sjukehuset. Dei framhev begge at slike reiser er ein stor påkjenning for pasient som i verste fall gi fleire innlagde på sjukehus. Det kan ein unngå ved å nytte digital samkonsultasjon. Vidare trakk dei begge frem at samhandling mellom kommune og helseføretak er nyttig fordi det kan gje tilbod til fleire pasientar, gje kompetanseheving og meir effektiv bruk av ressursar.

 

 

E-helse Vestland har gjennom det nasjonale velferdsteknologiprogrammet blitt tildelt ein Rettleiingsressurs frå InnoMed – dei støttar pilotprosjekta med prosessrettleiing. InnoMed ved Robert Hogvall fortalde om korleis dei jobbar med å overføre kunnskap om tenesteinnovasjon, lærdom frå andre samhandlingsprosjekt og kopling av prosjekt som kan bygge på felles erfaringar og spreiing av rammeverk og metodar. Til slutt trakk Hogvall fram nokon døme på korleis dette kan sjå ut i praksis, til dømes ved å vise korleis dei har jobba med digital heimeoppfølging for kroniske pasienter i Oslo kommune, hjarterehabilitering i Helse Bergen og såroppfølging ved Oslo universitetssjukehus.

Elin Johnsen frå Helse Førde er prosjektleiar for Pust deg Betre – eit digitalt verktøy for lungesjuke. Ho fortalde om korleis dei jobbar med å få tatt i bruk verktøyet i primærhelsetenesta. Ho framhev korleis sjølv om nokke er nytt og nyttig, så må det bli nyttiggjort. Det krev arbeid og innsats å få tatt nye løysningar i bruk. 

  

 

Kjia Indrearne frå Nordåsklinikken fortalde om korleis dei jobbar med å implementere digitalisering av gruppetilbod for rehabiliteringsklinikken i Helse Bergen. Det er eit tilbod der behandling blir gitt i sanntid både på klinikken ved fysisk oppmøte og via ein digital plattform, slik at ein kan nå fleire pasientar. Arbeidet er ein ideoverføring frå Sunnaas der dei har laga slike hybride gruppetimar. Dei ser dette som eit viktig supplement for å auke tilgjengeligheita til spesialisthelsetenesta.

Bodil Helene Bach prata om korleis dei har jobba med implementering av digitale løysingar, ho fremhev særleg at vellykka tenesteinnovasjon krevjar grundig forarbeid, god planlegging og brei forankring. Bodil har blant anna jobba med digital heimeoppfølging i helseføretak på sørlandet, til dømes ved å digitalisere sårtjenester i blant anna Kongsberg, Asker og Bærum. Då kom dei i kontakt med Kristil Erla Håland frå JodaCare, som utviklar enkle og brukarvennlege kamera ein kan på hodet. Kamera kan så nyttast til å direkte kommunisere med lyd til fagpersonar over nett.

Håland fortalte om korleis JodaCare var tenkt først som ein løysing for sosial kontakt med eldre pasientar, før det så ble nytta av ambulansepersonell i akutte situasjonar. No nyttar dei løysinga i kommunar i Vestre Viken, slik at dei tilsette i kommunane får tilgang på kompetanse når dei gjev sårstell.

 

Dag to

Dagen starta med at Eirin Rødseth frå Nasjonalt senter for e-helse forsking ga ein status for forskingsarbeidet på området – vi er heldige i den forstand av at det faktisk har skjedd mykje forsking på feltet, men omgrepa har forandra seg over tid – heilt tilbake til 2003 var det forsking på det ein den gongen beskreiv som tele-medisin. Samtidig framhev Rødseth at sjølv om det er mykje forsking, er det sparsamt med forsking på kommunal sektor.

Vidare var det eit innlegg frå Kåre Birger Hagen frå Folkehelseinstituttet – han fortalde om pågåande arbeider dei gjer på kunnskapsoppsummeringar og metodevurderingar av kommunar. Han framhev at dei eksempelvis ser på og vurdera: effekt, sikkerheit og helseøkonomi.

  

Så ble det satt av tid til gruppediskusjon og dialog omkring sentrale spørsmål knytt til tema for workshoppen. Eit av dei var behovet for dokumentasjons og informasjonsdeling. Ein samkonsultasjon er ofte ein koordinert aktivitet med fleire aktørar (pasient, sjukehus, kommunal helseteneste, fastlege) der det ytes helsehjelp.  I etterkant av konsultasjonen er det behov for at informasjon deles mellom fleire parter – inklusive pasienten selv. Her blei det diskutert ansvar for dokumuntasjon og deling av informasjon i etterkant.

 

Til slutt fekk vi høyre frå Norwegian Smart Care Cluster ved Tone Skår, ho hadde og med seg nokon av dei sentrale leverandørane for utstyr og løysingar i helse- og omsorgssektoren.

 

Ein stor takk til alle som dei som bidrog og deltok på workshoppen - sjå fleire bilete her

Her ligg presentasjonar frå dagane samla:

Presentasjonar seminar 15. og 16. juni ehelseVestland, dag 1 og 2 (PDF, 25 MB)

Presentasjon frå FHI:

Presentasjon seminar 1606 FHI (PDF, 5 MB)

Presentasjon frå Nasjonalt enter for e-helseforskning:

Presentasjon Nasjonalt senter for e-helseforskning (PDF, 3 MB)